Søker dagleg leiar i Gullbring kulturanlegg

Gullbring kulturanlegg AS er nå i gang med å finne ny dagleg leiar. Er du tydeleg, har gode samarbeidsevner og pågangsmot, så kan du være den dei er på jakt etter.  

Ta ein kikk på stillingsannonsa under, og sjå om dette er noko for deg. 

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 04.06.2018

Gullbring Kulturanlegg AS er eit regionalt kulturhus for Midt-Telemark. Anlegget er eit av Noregs mest allsidige kulturhus med teater- og konsertsal med 396 sitjeplassar, kinosal og om lag 10 møterom med ulik storleik. Vidare har anlegget symjebasseng med stupetårn samt varmebasseng, eige treningssenter, idrettshall og klatrevegg. Det heile bindast saman av Framstugo med kafé, kiosk og billettsal.  Verksemda ligg ved Universitetet i Søraust-Noreg og er ein del av campus. Gullbring har om lag 40 tilsette. Dette utgjer omlag 15 årsverk, og i 2019 fyller kulturhuset 25 år.

Vi søkjer Dagleg leiar

Om stillinga

Dagleg leiar har eit overordna kunstnarisk, økonomisk og administrativt ansvar for verksemda. Dagleg leiar rapporterer direkte til styret.

 

Arbeidsoppgåver

  • Hovudansvar for dagleg drift av verksemda.
  • Ansvar for kulturproduksjon, idrettsleg innhald og framtidig utvikling
  • Ansvar for planlegging, koordinering, økonomi, HMS og kvalitet i alle ledd
  • Vidareutvikle samarbeidet med Bø kommune, Universitetet i Søraust-Noreg og kulturlivet i Midt-Telemark
  • Organisasjonar i området og folk i Midt-Telemark.
  • Rapportere til, og samarbeide nært med, verksemda sitt styre


Kvalifikasjonar

  • Relevant leiarerfaring og personalansvar med gode resultat
  • Erfaring frå økonomistyring og prosjektleiing
  • Relevant høgare utdanning
  • Idrett, kunst – og kulturforståing vil bli vektlagt
  • Evne til å motivere og vidareutvikle kulturfeltet


Vi ynskjer oss ein tydeleg leiar som har gode samarbeidsevner og pågangsmot.

 

Vi kan tilby

  • Ein spennande og utfordrande jobb midt i vakre og energiske Telemark.
  • Samarbeid med eit rikt og aktivt idretts-, kultur- og reiseliv.
  • God pensjonsordning
  • Lønn etter avtale – tilsettinga skjer i samsvar med gjeldande lovar og reglar

Arbeidstittel: Dagleg leiar

Tilsetjing: 01.01.2019