Totalforbod mot all bruk av open eld!

Det er nå totalforbod mot all bruk av open eld i Bø og resten av kommunane i Telemark. Vedtaket gjeld frå kl. 16.00 i dag, og til situasjonen endrar seg. 

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 06.07.2018

Brannsjefane i Telemark har i dag laga eit felles vedtak mot bruk av open eld. Forbodet omfattar bruk av eld som kan antenne gras, skog og liknande. 

Skogbrannfaren Østafjells er nå veldig stor.

Dette kan du ikkje gjere:

  • Det er ikkje lov å tenne bål og grille i nærleiken av skog, ut- og innmark
  • Det er ikkje lov å tenne bål og grille i strandsona
  • Det er ikkje lov å tenne opp bål eller grille på dei vanlegvis godkjente og tilrettelagte bål- og grillplassane
  • Det er ikkje lov å brenne hageavfall, sjølv på eigen tomt. Dette kan leveras inn på avfallsmottak

Med bål meinas små kaffebål, bålpanner, stormkjøkken og andre kokeapparat med brennstoff.

Med grill meinas eingangsgrillar, kullgrillar og gassgrillar.


Vennlegast unngå å ringe for å be om lov, da ingen dispensasjonar vil bli gjett.
 

Dette kan du gjere:

Grille i din eigen hage med stor forsiktighet. Er du i tvil om du oppfyller forsiktighetskravet så lar du være å grille. (Eingangsgrillar er ikkje tillatt)

Merk! Ved prekære hendelsar kan brannvesenet legge ned forbod mot ALL eld, sjølv i folks hagar.

I forbindelse med eventuell skogsdrift må stor forsiktigheit utvisast, skogdriftsaktørar kjenner farene og må nå fortløpande vurdere om situasjonen tillater drift. Det følger av aktsomhetskravet i lov og forskrift om brann. Det varme og tørre været som me har hatt i vårt distrikt i lengre tid, har ført til stor fare for brann i gress og annen vegetasjon.

Forbudet gjeld inntil vedtaket blir oppheva. Brannsjefen oppfordrar alle til å respektere totalforbodet mot bruk av åpen eld i denne perioden.

Skader som eventuelt skulle oppstå som følge av bruk av alle typer eld, eller anna aktivitet som fører til brann, kan medføre straffeansvar.

Ved brann eller farlege situasjonar, ta kontakt med brannvesenet på nødnummer 110.

Brannsjefane i Telemark