Totalforbod mot bruk av open eld

Bål2.jpg - Klikk for stort bilete På grunn av stor skogbrannfare fattar brannsjefen i Midt-Telemark brann- og redningsteneste vedtak om forbod mot bruk av open eld utandørs i Bø, Nome og Sauherad kommunar.

Forbodet omfattar bruk av all ope eld som kan antenne gras, skog og liknande. Forbodet gjeld frå 25.05.2018 og inntil situasjonen endrar seg. I tillegg til gjeldande forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark, innførast forbod mot bruk av ope eld i innmark. Vedtaket er fatta med heimel i lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farleg stoff mv. § 37, jf. forskrift om brannforebygging § 3. Skogbrannfara er for augeblikket stor i dei ovennevnte kommunar. Brannsjefen har på bakgrunn av dette innført totalforbod mot bruk av ope eld utandørs.

Det betyr:

  • Det er ikkje lov å tenne bål og grill i strandsona eller i nærleiken av skog, mark og innmark
  • Det er ikkje lov å tenne opp bål på dei vanlegvis tilrettelegte bålplassane
  • Det er ikkje lov å tenne opp små kaffebål
  • Det er ikkje lov å brenne hageavfall, sjølv på eigen tomt. Dette kan leverast inn på avfallsmottak

I samband med eventuell skogsdrift må stor forsiktigheit utvisast, skogdriftsaktørar kjenner farane og må nå fortløpande vurdere om situasjonen tillater drift. Det følgjer av aktsomheitskravet i lov og forskrift om brann. Det varme og tørre veret som vi har hatt i distriktet i lengere tid har ført til stadvis stor fare for brann i gras, skog og annan vegetasjon. Forbodet gjeld inntil forbodet blir oppheva.

Brannsjefen oppfordrar alle til å respektere totalforbodet mot bruk av ope eld i denne perioden.

Skadar som eventuelt skulle oppstå som følgje av bruk av alle typar eld eller annan aktivitet som fører til brann kan medføre straffeansvar.

Ved brann eller farlege situasjonar, ta kontakt med brannvesenet på naudnummer 110.

 

Brannsjefen

 

Brevet frå brannsjefen (PDF, 268 kB)

Sist endra 25.05.2018