TV-aksjonen 2017 - Vi treng bøsseberarar

Bli bøssebærer.jpg - Klikk for stort bilete Søndag 22. oktober skal 100 000 frivillige bøsseberarar besøke landets 2,3 millionar husstandar. Dette gjer TV-aksjonen til verdas største dugnad. Vil du vere med å gå årets viktigaste søndagstur? 

Publisert av Jeanett Kaasa. Sist endra 06.10.2017

Bli bøsseberar

Som bøsseberar er du med på å gjere ein forskjell. Tidspunktet for bøsseberinga er mellom kl. 16.00 og 18.00 søndag 22. oktober. Registrer deg med kontaktinformasjon på blimed.no, send ein e-post til TV-aksjonskomitèn i Bø på jeanett.kaasa@bo.kommune.no eller ring koordinator Jeanett Kaasa på tlf 35 05 90 01 innan måndag 16. oktober.

Merk at du må ha fylt 18 år for å kunne registrere deg som bøsseberar, men ta gjerne med deg barna. Ønskjer du å gå saman med ein ven, held det at ein av dykk registrerar seg som bøsseberar.

Om TV-aksjonen 2017

Åretes TV-aksjon gjeng til UNICEFs arbeid for å gje utdanning til barn ramma av krig og konflikt i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan.
Eit av fem barn i krigs- og konfliktområde står i dag utan skulegang. Skulegang gjer barn som lever i konfliktområde ein moglegheit til å lære, leike og vere saman. På sikt bidreg utdanning til å gjenoppbyggje samfunn og gjer håp for framtida. 
UNICEF jobbar hardt og målretta for at barn ikkje skal få øydelagt framtida på grunn av dei vaksnes krigar og konfliktar. Les meir om dette i brosjyra (PDF, 4 MB).

Dette er UNICEF

  • Verdas største hjelpeorganisasjon for barn.
  • Blei stifta av FN i 1946 for å hjelpe barn som var ramma av andre verdenskrig. Seinare er mandatet utvida til å gjelde alle barn i verda.
  • Arbeider i over 190 land og territorier.
  • Har som hovudoppdrag å sørge for at alle barn får sine rettigheteitar ivaretatt. UNICEF arbeider både med langsiktig utvikling og naudhjelp.
  • UNICEF driv også påvirkningsarbeid for å bedre barns levekår.