TV-aksjonen 2018 - Kirkens Bymisjon - Bli bøsseberar

Bli bøsseberar - nynorsk.PNG - Klikk for stort bilete

Årets TV-aksjon har fått namnet "Mindre åleine saman". Og med årets TV-aksjon skal vi skape eit varmare samfunn.

I Noreg i dag er det alt for mange som står utanfor. Nokon manglar ei seng å sove i, andre har ingen å snakke med. Årets TV-aksjon skal opne dørar og invitere fleire inn. Fordi eit møte kan endre eit liv, og fleire møter kan endre eit heilt samfunn.

Det er Kirkens Bymisjon som har blitt tildela TV-aksjonen i år. Kirkens Bymisjon starta sitt arbeid i 1855 og driv i dag meir enn 200 tiltak i heile 40 byar og tettstadar over heile landet. Kirkens Bymisjon jobbar for at alle skal erfare respekt, rettferd og omsorg, uansett religiøs og kulturell bakgrunn, seksuell legning, livssituasjon og livssyn.

  • Eit av ti barn i Noreg veks opp i fattigdom.
  • Ein av fem innvandrarar har lite kontakt med vener
  • Heile 70.000 menneskjer i Noreg har ingen nere fortrulege eller vener dei kan snakke med når dei treng det.

Difor er årets TV-aksjon så utruleg viktig!

TV-aksjonsmidlane skal gå til tre ulike innsatsområde:

Kom inn i natten.jpg - Klikk for stort bilete Kom inn for natta - akutte behov: Ei seng å sove i/ein moglegheit til å sove inne, ikkje ute, eit varmt måltid og eit sanitærtilbod.

 

 

Kom inn i arbeidslivet.jpg - Klikk for stort bilete Kom inn i kvardagslivet - deltaking: Arbeidsplassar til dei som av ulike grunnar fell utanfor arbeidslivet, kafear der menneskjer møtast med respekt og omsorg, ein stad der ein blir sett og kan tilhøyre eit fellesskap, og til utlån av sportsutstyr til barn og unge slik at alle kan delta i fritidstilbod.
 

Kom inn i samfunnet.jpg - Klikk for stort bilete Kom inn i samfunnet - inkludering: Med prosjektet "Vegvisar" der nyankomne innvandrarar skal oppleve eit inkluderande fellesskap og "Generasjonsmøter" der ein møtast på tvers av generasjonar og kulturar i ein vinn-vinn-situasjon.

 

 

Les meir om årets TV-aksjon i brosjyra (PDF, 10 MB) eller på heimesida til TV-aksjonen.

 

Bli bøsseberar 21. oktober

Som bøsseberar for TV-aksjonen er du med på årets viktigaste søndagstur. Bøsseberarane er sjølve hjartet i TV-aksjonen og kvart år trengs det 100.000 bøsseberarar på landsbasis. Utan bøsseberarar blir det ingen TV-aksjon.

Aksjonskomiteen i Bø ønskjer å få med akkurat deg sundag 21. oktober. Vil du vere med å skape eit varmare samfunn?

Tidspunktet for bøsseberinga er mellom kl. 16.00 og 18.00 sundag 21. oktober.

  • Er du under 18 år, må du gå ifølgje med ein vaksen
  • Ønskjer du å gå saman med ein ven, held det at ein av dykk registrerar seg som bøsseberar

Slik registrerar du deg

Registrer deg med kontaktinformasjon på www.blimed.no eller ring 02025, send ein e-post til TV-aksjonskomiteen i Bø til jeanett.kaasa@bo.kommune.no eller ring koordinator Jeanett Kaasa på tlf. 35 05 90 01.

Sist endra 04.10.2018