TV-aksjonen 2018 - Tusen takk

Fekk du ikkje gje - Klikk for stort bilete TV-aksjonskomiteen i Bø vil takke alle som bidrog i samband med TV-aksjonen på sundagen.

Publisert av Jeanett Kaasa. Sist endra 23.10.2018

For å kunne besøke alle husstandane i Bø var det 131 firvillige bøsseberarar og sjåførar som tok årets viktigaste sundagstur. Her var det både eldre, unge og born som stilte opp.

Bø samla inn heile kr. 144 711,- på bøssene på sundagen. Dette skal gå til Kirkens Bymisjons arbeide for eit varmare og meir inkluderande samfunn.

Tilsaman har det kome inn kr. 280 299,- frå Bø pr. 23.10.18. Dette vil sei eit bidrag på kr. 43,39 pr. innbyggjar i kommunen.

 

Tusen takk til alle bøsseberarar, sjåførar og alle dykk som tok dei godt i mot!
 

Gjevarmoglegheiter

Var du ikkje heime når bøsseberarane banka på dørene så er det fortsatt mogleg å støtte TV-aksjonen.

VIPPS til 2133 (Valfritt beløp)
Ring: 822 06 006 (250 kr)
Konto: 8380 08 09005 (Valfritt beløp)