Vassmålaravlesing

Dei som har installert vassmålar vil få tilsendt SMS eller avlesingskort i posten i desse dagar. Vassmålaren må lesast av innan fristen som blir oppgitt i meldinga, og avlesinga skal sendas tilbake til Bø kommune.

På SMS

For å effektivisere innsamling av massmålaravlesingar iht. reglementet tek kommunen i bruk SMS-varsling. Varsel vil bli sendt på SMS til mobiltelefonen din i dei tilfella der vi har registrert nummeret ditt, eller ved at du har registrert deg i offentlege register. Ved levering av avlesning på SMS skal du svare på SMS du har fått av kommunen. Kun tal skal sendas inn, ingen komma eller tal som er raude på målaren skal sendas inn. 

Varslingssystemet er integrera i fagsystemet vårt for kommunale eigedomsgebyr, som gjer at kommunen raskt kan varsle rett person i forhold knytt til eigedomar i kommunen. Vi varslar eigarrepresentant og/eller rekningsmottakar eller kontaktperson til eigedomen.

I samband med vassmålaravlesing kan vi overstyre utsendinga av SMS. Det vil sei at vi for enkelte eigedomar berre sender ut avlesingskort. I tillegg vil det bli sendt ut avlesingskort der vi ikkje finn mobilnummer. 

Ved feil

Dersom du mottar ein SMS som du meiner er sendt til feil mobilnummer , ber vi deg om ikkje å svare på denne. I tilegg må den som mottek ein feilsendt SMS sjekke opplysningane sine i dei offentlege registra og på 1881.no. 

Løysinga fungerar ikkje som ein innbyggardialog. Det er inga manuell oppfølging. 

Kan vi nå deg?

Det fins eit register ein kan velje å registrere seg i for at vi skal nå deg (her kan du også kontrollere om du allereie er registrert). I tillegg gjer vi eit siste forsøk ved å gjere oppslag på 1881.no.

Vi tilrår at du oppdaterer kontaktinformasjonen din med både mobilnummer og e-postadressa di i dette felles nasjonale kontaktregisteret.

Kommunen vil ved neste utsending av varsel nytte det mobilnummeret du svara frå, eller eventuelt det mobilnummeret du oppgjer saman med avlesinga på www.leseav.no, eller som du oppgjer på svarslippen.

På papir

Får du avlesingskort tilsendt i posten kan du bruke leseav.no, eller du sender det i posten til

Bø kommune

Postboks 83

3833 Bø i Telemark

For å levere vassmålaravlesing på www.leseav.no trengs koden som står på avlesingskortet. 

Avlesing via leseav.no må ein levere innan fristen, då lenka berre er aktiv ein viss periode. 

Vi vil gjerne ha tilbakemelding om mobilnummeret ditt. 

Har du spørsmål, ta kontakt med Halvor Moen på telefon 35 05 91 82 eller på e-post: halvor.moen@bo.kommune.no.

Sist endra 19.12.2017