Bli med på Sykle til jobben – kampanjen 2017

FB post Turbo-Turid.png - Klikk for stort bilete Det er gratis å delta om du bur, jobbar eller studerar i Bø kommune. Vi har betalt påmeldinga for deg!

·         Kampanjeperioden er 19. april ­ 17. juni.

·         Gratis deltaking i Bø!

·         Korleis delta?

·         Premiering Verv og vinn! Nasjonale og lokale premiar!

·         Sykkelmekkedag på Bø torg laurdag 22. april kl. 1200

·         Print ut plakater til din arbeidsplass 31.3.2017 

Publisert av Sindre Flø. Sist endra 11.04.2017

Badge, jeg sykler til jobben.png - Klikk for stort bilete  

Bli med på Sykle til jobben­kampanjen 2017 ­

I år betaler Bø kommune deltaking for alle som bur, jobbar eller studerar i Bø kommune. Du får poeng for all fysisk aktivitet og trening. Det blir trekt fine premiar blant deltakarane kvar veke og på slutten av kampanjen. Noter derfor ned all aktivitet i kampanjeperioden og registrer det på nettsida.

 Du får poeng for desse aktivitetane:

·         Sykle eller ta el­sykkel til jobben / skule

·         Gå til jobben / skule

·         Løpe til jobben / skule

·         Aktiv reiseveg (for eksempel gå til butikken. Strekningar der du kunne tatt bil)

·         Sjå meir om korleis du får poeng

 

Når du sykler eller går:

·         får du betre kondis

·         bidrar du til eit betre miljø

·         blir du i betre humør

·         kan du slå av en prat med kjentfolk

·         held du deg frisk og opplagt

·         søv du betre og lev lengre

·         kan du suse forbi bilkøa ;-)

·         sparar du pengar

Gratis deltaking i Bø!

Nedre aldersgrense er 15 år. For å registrere deg gratis må du bruke Bø-­postnummer (3800, 3801, 3802, 3803, 3804, 3833) når du melder deg på.

Dersom du ikkje bur i kommuna men studerer eller jobber her fyller inn postnummer 3800 når du melder deg på, så får du vere med gratis.

Korleis delta?

Sykle til jobben­kampanjen 2017 varer frå 19. april til 17. juni. Du får tilgang til treningsdagboka fra du melder deg på, men det er kun aktivitet frå 19. april til 17. juni som tel i konkurransen.

1. Meld deg på

2. Dann lag på inntil fem personar. Fleire enn fem? Dann fleire lag! Du kan også delta ålene.

3. Begynn å registrere aktivitet! Kvar deltakar får ein profil på sykletiljobben.no. Følg framgangen i egigen treningsdagbok og på topplistene.

4. Du kan registrere på nettsida eller du kan koble til Endomondo eller Strava. På Min side kan du enkelt kople deg til appane Endomondo eller Strava, (lastes gratis ned fra Appstore eller Google play).

5. All aktivitet kan registrerast og tel i kampanjen! Du kan sykle, gå, spille fotball, svømme, gjere styrketrening, yoga og all anna aktivitet.

6. I kampanjeperioda vert det trekt premiar kvar veke, så forsikre deg om at du oppdaterar profilen din kvar veke.

Premiering

Det vert trekt premiar ut frå kilometer, aktiv reiseveg til/fra jobb og poeng. Både lag og enkeltpersonar kan vinne. Sjå oversikt over dei nasjonale premiane her.

I tillegg til premiene som alle deltakarane konkurerar om på nasjonalt plan, vil det bli trekt lokale premiar blant dei som har registrert poeng på aktiv reiseveg i Bø kommune. Desse poenga får ein ved å sykle, gå, løpe, ta el­sykkelen til jobb eller studie, eller ved å bruke beina på reiser der du elles ville tatt bilen. Dette er fordi kommunen ønskjer å motivere Bøheringane til å la bilen stå og heller velgje miljø­ og helsevenlege alternativ. Meir info om lokale premier kjem når kampanjestart nærmer seg.

Verv og vinn!

I årets vervekonkurranse kan du vinne en sykkel fra Merida og du får velgje mellom tre ulike modellar. Alt du må gjere er å verve tre vener og så er du med i trekninga! Ikkje gløym at dei du vervar må oppgi ditt navn i vervefeltet når dei melder seg på.

Sykkelmekkedag på Bø torg laurdag 22. april.

Vi sparkar i gang sykkelsesongen og Sykle til jobben­-kampanjen på årets første sykkelmekkedag i samarbeid med Skarphedin Sykkel, Bærekrafige liv Bø, Brukaas Sport og HSN.

Det blir gratis sykkelservice! Drop-in! Stand med @sykkelbygda

Kontaktinformasjon

Norges Bedriftsidrettsforbund har arrangert Sykle til jobben­kampanjen sidan 1973.

Spørsmål? Sjå support­sida eller kontakt Bedriftsidrettsforbundet .

For spørsmål som gjeld spesielt for Bø kommune, kontakt Sindre Flø: sindre.flo@bø.kommune.no

Print ut plakater til din arbeidsplass

Digitalt materiell kan lastast ned fra kampanjesida til Sykle til jobben. Der fin du mellom anna plakatar til printing som kan tilpassast din arbeidsplass.

Last ned digitalt materiell Plakater: Fotball Turbo Turid Monster Mats Løp Tur

Login for redigering