Bø + Sauherad = ?

Bø og Sauherad - Klikk for stort bilete

Namnekonkurranse og forslag til kommunevåpen til ny kommune

Namnekonkurranse:

Det utlysast ein konkurranse om forslag til namn på den nye kommunen som vert etablert 1.1 2020 når Bø og Sauherad kommunar slår seg saman. Både privatpersonar, lag , organisasjonar og verksemder  vert  oppmoda om å vere med.  Skulane vert kontakta særskilt med oppmoding om å vere med.  Blant alle innsende forslag vert det trekt ut eitt, som premierast med 10.000 kroner, som går til ein lokal frivillig organisasjon i ein av de to kommunane. Vinneren avgjer kva for ein.
 

Send inn ditt namneforslag her:

Mitt forslag


eller

Last ned pdf (PDF, 169 kB) eller skriv eget skjema.

Skriftleg forslag kan leverast

- På servicetorget på kommunehuset
- I postkassa på veggen til kommunehuset
- eller send til:

Bø kommune                        
Postboks 83                          
3833 BØ I Telemark

 

 

Idear til kommunevåpen

Samtidig vert alle oppmoda til å koma med innspel til symbola på  nytt kommunevåpen. Det kan vere anten verbalt eller i form av ei skisse.
 
Reglar for utforming av kommunevåpen finn du på denne lenka:
 
Det vil bli engasjert profesjonelle designarar i arbeidet med nytt kommunevåpen. Desse får tilsendt alle innspela som kjem inn før fristen.
 

Send inn idear til kommunevåpen:

 
Her kan du laste ned eit tomt kommunevåpen og tegne eller beskrive med eigne ord din ide til nytt kommunevåpen. 
Skjemaet kan og hentas på servicetorget på kommunehuset.
Leverast:

- Scan inn forslaget ditt og send til postmottak@bo.kommune.no 
- Leverast på servicetorget på kommunehuset
- Legg i postkassa på veggen til kommunehuset

 

Frist for deltaking:

Frist for deltaking i namnekonkurransen og innspel til kommunevåpen er 7. mai 2017. 

 

Arbeidsgruppa

Fellesnemnda for ny kommune har nedsatt ei eiga arbeidsgruppe til å førebu denne saka: Frå Bø:  Borgar Kaasa, Karin Hagen, Evy Beate Tveter og frå Sauherad: Alf Rose Sørgaarden, Wenche Akkerhaugen og Hans Kortner Ryen. Arbeidsgruppa skal  gje si tilråding til fellesnemnda 16. juni 2017. 
 
Publisert av Kaia Hagen. Sist endra 19.04.2017
Login for redigering