Bøker i Bø-prisen 2017 til forfattaren Vigdis Hjorth

IMG_2169 (002).JPG - Klikk for stort bilete «Bøker i Bø-prisen 2017 blir tildelt ein prisbelønna og hyperaktuell forfattar som gjennom sin mangfaldige forfattarskap har utforska eksistensielle spørsmål som angår oss alle. Ho skriv klokt om valg det enkelte menneske må ta langs livsvegen, men også innsiktsfullt om samfunnsmessige forhold. Ein aktiv, nær sagt aktivistisk forfattarskap som stadig utvider sitt slagfelt, ein forfattar som synest bli betre og viktigare for kvar bok - aldri forutsigbar, aldri likegyldig i sitt møte med kjærleiken, med samfunnet, med livet; ein uredd og unik forfattar i samtidslitteraturen.»

Vigdis Hjorth debuterte i 1983 med barneboka Pelle-Ragnar i den gule gården som ho fekk Norsk kulturråds debutantpris for. For den andre boka, Jørgen + Anne er sant, fekk ho Kritikerprisen. Gjennombrotet som forfattar for vaksne kom med romanen Drama med Hilde (1987). Romanen Arv og miljø (2016), har blitt ein stor suksess som forfattaren har fått fleire prisar og nominasjonar for, ho er m.a. nominert til årets Nordisk råds litteraturpris. Våren 2017 er ho Festspilldiktar i Bergen.

Det er Bø kommune og litteraturfestivalen Bøker i Bø som står bak denne heidersprisen, og årets pris er den sjette i rekka. Tidlegare prisvinnarar: Eldrid Lunden, Kjell Askildsen, Dag Solstad, Gro Dahle og Geir Gulliksen. Bøker i Bø-prisen 2017 er ein sjekk på kr. 10.000,- og ein dekorert krakk utført i tre av kunsthandverkaren Mari Fallet Mosand som bur i Bø. Det var ordførar Olav Kasland som sto for prisoverrekkinga sundag 7. mai på Bø hotell.

Publisert av Hilde Pedersen. Sist endra 13.05.2017

Bøker i Bø er ein kompakt festival med fokus på dei beste tekstane, dei beste bøkene og dei beste forfattarane! Festivalen har altså ikkje eitt tema, det er den enkelte forfattarskapen eller den enkelte teksten eller boka som er i fokus. Bøker i Bø blir arrangert for sjette gang i 2017 – eit samarbeid mellom Høgskolen i Søraust-Noreg Forfattarstudiet , Bø kommune og frivillige bokelskarar. Leiar av Forfattarstudiet, Rune Christiansen, er kunstnarleg rådgjevar. I styret: Trine Hofvind, Margit Ims, Ingvil Elvestad Tørre, Sindre Flø, Ingebjørg Nordbø, Dagrun Hanto, Hilde Kari Skaftnesmo og Hilde K. Pedersen.

 

Festivalen har fått støtte frå m.a. Kulturrådet, Fritt Ord, Telemark fylkeskommune og Høgskolen i Søraust-Noreg og Sparebankstiftinga Bø og Bø kommune.

Takk også til sponsorane: Buengruppen, Beverøya Camping, Midt-Telemark Næringsutvikling, Den Gode Nabo - og gode samarbeidspartnarar: Bø hotell, Bø Museum, Bø prestegard, Gullbring kulturanlegg, Notabene Bø, Akademika Bø, Knut Eirik Hult/Bø Lyd&Scene, Winje Agencies, Norsk forfattersentrum, Bø bibliotek, Norsk bibliotekforening Telemark og Fylkesbiblioteket i Telemark. Spesiell takk til Edy Poppy, Camilla Bogetun, Stefan Brunvatne, Vanja Øyrås og Gina Winje.

www.bokeribo.no

Login for redigering