Kontakt Mattilsynet ved funn av døde fuglar

Mattilsynet - Klikk for stort bileteMattilsynet

Mattilsynet ønskjer at du kontaktar dei om du skulle finne døde fuglar.

Prøver av døde villfugl for å oppdage fugleinfluensa
I desse dagar kjem trekkfuglane frå Sentral-Europa til Noreg. Eit stort utbrudd av fugleinfluensa i Sentral-Europa gjer at det er økt risiko for at desse fuglane kan bere med seg smitte til Noreg. Mattilsynet vil difor intensivere overvåkninga av villfugl for tidleg å kunne oppdage eventuell smitte av fugleinfluensa i Noreg.

Treng hjelp av deg
Nord-Trøndelag, Rogaland, Østlandet og Oslofjord-området er mest sannsynleg landingsplass for desse trekkfuglane. Andefuglar (endar, gjess og svaner), måkefuglar, vadere, rovfuglar og åtselsfuglar (f.eks. kråker) er mest utsatt for smitte.

Mattilsynet ønskjer å ta prøver av døde fuglar utan synlege skadar av desse artane i det beskrevne området. Du kan hjelpe til med dette ved å ringe Mattilsynet på tlf 22 40 00 00 og be om ditt lokale Mattilsynskontor når du finn slike fuglar. Ein medarbeidar vil da ta prøver av fuglen slik at eventuell smitte med fugleinfluensa kan oppdagast.

Store konsekvensar for tamme fuglar
Typen av fugleinfluensa som herjar i Sentral-Europa er ikkje farleg for menneskjer. Fugleinfluensaen er dødeleg for både ville og tamme fuglar. I tillegg til overvåkninga har Mattilsynet iverksatt ein rekke tiltak for å hindre at fugleinfluensaen kjem til Noreg. Blant anna er det fastsatt ein "Portforbudforskrift" som seier at tamme fuglar skal haldast innandørs eller ute under tett tak. Det er viktig at dette beskyttande tiltaket følgjast. På mattilsynet.no kan du lesa om Forebygging og bekjempelse av fugleinfluensa

Publisert av Jeanett Kaasa. Sist endra 18.04.2017
Login for redigering