Ledige stillingar - Bø kommune

Bø kommune kommunevåpen - Klikk for stort bileteBø kommune kommunevåpen

Bø kommune søkjer etter prosjektleiar, innføring av velferdsteknologi

Kort om stillinga:
Prosjektleiar skal bidra til at kommunane i Midt-Telemark tek i bruk velferdsteknologi slik at innbyggjarar og brukarar får løyst konkrete behov, får betre tryggleik, høgare meistring og derfor kan bu lengre heime. Prosjektleiar skal sikre at prosjektet gjennomførast i tråd med vedteken plan. Stillinga er knytt til prosjektet og er for 3 år. Den som blir tilsett har gode moglegheiter for fast stilling etter prosjektperioden med tilsvarande oppgåver. Den som tilsettast blir tilsett i Bø kommune. Kommunalsjefane for Helse og Omsorg i kommunane i Midt-Telemark utgjer saman med eit representant for dei tilsette styringsgruppa for prosjektet. Prosjektansvarleg er kommunalsjef for Helse- og velferd i Bø kommune, som og vil vera nærmaste overordna.

Gå inn på lenken til ledige stillingar her og søk

 


 

 

 

 

Publisert av Kaia Hagen. Sist endra 05.04.2017
Login for redigering