Midlertidig endra opningstider på Bø bibliotek

Biblioteket vil halde stengt måndagar fram til skuleferien 19. juni.

Vi har vanlege opningstider dei andre dagane: tysdag og torsdag: 14-19, onsdag og fredag: 10-16, laurdag 11-14.

Publisert av Ingvild E Tørre. Sist endra 22.02.2017

Grunna arbeid med omlegging av rutinene for utlån kjem biblioteket til å halde stengt måndagar fram til skuleferien startar 19. juni.

Vi kjem til å ha ope 25 timar i veka med moglegheit for å kome inn og låne, lese aviser og blad, bruke data, gjere lekser eller spele spel. Innlevering er nå mogleg 24 timar i døgnet. Vi har ei kasse ute som kan nyttast om døra er stengt.

Vi har fleire digitale løysingar som kan hjelpe om du skulle få låneabstinens:

  • les ebøker på smarttelefon eller nettbrett med appen "Ebokbib" (pålogging)
  • reserver, forny og bestill via appen "Bibliofil" (pålogging)
  • sjå norsk kort- og dokumentarfilm på Filmbib.no (pålogging)
  • utforsk mykje scanna materiale på Bokhylla.no (her er det utruleg kva som finst)
  • I tillegg til bokhylla.no, finn du og lokalhistorie frå heile landet på Lokalhistoriewiki.no

Følg oss på Facebook (Bø bibliotek) og sjå www.bobib.no!

Login for redigering