Teneste (1)

Oppstart av arbeid med rullering av områdereguleringsplan for Bø sentrum

Sentrum - gjeldande og ny avgrensing av områdereguleringsplan for Bø sentrum - Klikk for stort bilete Bø kommune startar no arbeidet med rullering av områdereguleringsplan for Bø sentrum. Det er utarbeidd eit forslag til planprogram (PDF, 2 MB) for rulleringa, som no leggast ut til offentleg ettersyn saman med varsel om oppstart av planarbeidet. Formål for planarbeidet er følgjande:

- legge til rette for eit attraktiv sentrum med urbane kvalitetar
fortette med bustader, næring og offentlege funksjonar
- prioritere gange, sykkel og kollektiv for å redusere transportbehovet
- redusere konfliktane mellom Bøgata som gjennomkøyringsveg og sentrumsgate
- revurdere dagens norm for parkering og vurdere nye parkeringsløysingar
- revurdere dagens føringar for byggeskikk og arkitektonisk utforming for å sikre både estetiske omsyn og krav til energieffektivitet, miljø og universell utforming

Eit planprogram er eit grunnlag for planarbeidet. I forslag til planprogram finn du rammer og formål med planarbeidet, framdrift, medverknad, viktige tema og behov for utgreiingar. I planprogrammet er også avgrensing av planområdet forklart.

Ny plan vil erstatte gjeldende områdereguleringsplan for Bø sentrum (sjå reguleringsføresegner og plankart for gjeldande plan). Avgrensing av planområdet er vist i kartutsnitt under, der avgrensing av gjeldande områdereguleringsplan er vist med raudt og ny med blått:

 Sentrum - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

Forslag til planprogram vart handsama av kommunestyret i møte 8.5.17 (sak 47/17) og vil bli vedtatt av hovudutval for plan, teknikk og næring når det har vore på høyring (etter sommarferien). Ein legg opp til at ny områdereguleringsplan for Bø sentrum blir vedtatt av kommunestyret før sommaren 2018.

Innspel til planprogrammet eller til sjølve planarbeidet sendast postmottak@bo.kommune.no eller Bø kommune, Teknisk eining, Pb.83, 3833 Bø innan 22.juni 2017. Spørsmål kan rettast til saksbehandlar Kristin Karlbom Dahle, krda@bo.kommune.no, tlf 35 05 91 70.

Publisert av Kristin Karlbom Dahle. Sist endra 10.05.2017
Login for redigering