Søknadsfrist for kulturskulen er 15. mai

juleshow2.jpg - Klikk for stort bilete

Bø kulturskule byr på mange spennande aktivitetar neste skuleår og no er det på tide å søke! 

Dei som allereie er elevar i kulturskulen skal bare registrere seg på nytt. Brukarnamnet er fødselsdato til eleven. f.eks. 020273. Trykk på glemt passord og fyll inn e-posten du tidlegare har oppgitt til kulturskulen. Nye elevar som ikkje er registrert i kulturskulen frå før skal trykke på ny elev og så fylle inn skjemaet.

Frist for å melde seg på hovudopptaket er 15.mai, men det er mogleg å melde seg på heile skuleåret.

Publisert av Hilde Pedersen. Sist endra 13.05.2017
Bø kulturskule er eit kulturpedagogisk servicesenter og samarbeider med grunnskulen og dei frivillige laga som er organiserte gjennom Bø kulturnettverk. Vi ønskjer å gi kvar enkelt elev vekstmoglegheiter, både kunstnarleg, intellektuelt og sosialt. Kulturskulen skal arbeide for å stimulere til interesse for kultur ved å arrangere konsertar, utstillingar, og ulike framsyningar der fleire kunstuttrykk møtast. Kulturskulen skal bidra til å utvikle eit godt oppvekst- og kulturmiljø i Bø kommune.
 
 

Guri Røsok, rektor Bø kulturskule. e-post: guri.rosok@bo.kommune.no tlf: 99391171

Login for redigering