Ungdom, søvn og skjermbruk

Vinner av søvnprosjektet 9a - Klikk for stort bileteVinner av søvnprosjektet 9a Marta Kjøllesdal Bø Blad  I haust gjennomførde Bø ungdomsskule prosjektet «Ungdom, søvn og skjermbruk», der målet var å auke medviten rundt dette tema både på skulen, heime og hjå ungdommane sjølv. Initiativtakar var barnevernpedagog og gestaltterapeut Åse B Sageie, som sjølv er tenåringsmor. Sageie kom over ein artikkel i Aftenposten som viste til at ungdom som legg seg før kl.23 har best karakterar, og posta denne på Facebook. Innhaldet i seg sjølv var rett nok ikkje revolusjonerande, men den førde til ein dialog om korleis få ungdom i seng til «rett» tid, og ideen til prosjektet byrja å ta form. 

Vinner av søvnprosjektet 9a - Klikk for stort bileteVinner av søvnprosjektet 9a Marta Kjøllesdal - Bø Blad  Dei seiste åra har det vore mykje fokus på ungdom og psykisk helse, og i Bø er resultata frå Ungdataundersøkingane dei same som elles i landet, i overkant 20% av elevane oppgjer å slite med eiga psykisk helse. Då søvn er ein av dei grunnleggjande faktorane for å sikre ei god psykisk helse, ville eit prosjekt knytt til dette vere eit godt førebyggjande tiltak i kommunen. Ofte er det slik at vaksne set seg i ekspertrolla for å fortelje born og unge korleis dei bør løyse ulike utfordringar. No ynskja ein å gjere det annleis, nemleg la ungdommane sjølve få rolla som rettleierar for dei vaksne, etter fyrst å ha blitt undervist i det aktuelle tema.

Kommunen, ved kommunalsjef for oppvekst Beate Darrud vart kontakta og sa seg positiv til eit prosjekt, og det same gjorde rektor ved Bø ungdomskule, Gisle Bonna Espedalen. Dei to miljøterapeutane Gunnar Sjøli Porsanger og John Gramstad vart og kopla på, samt elevrådet ved skulen. Sjølve starten av prosjektet vart knytt opp til verdsdagen for psykisk helse, og ordføraren kom for å sparke det heile i gang. Bø blad dokumenterte med tekst og bilde.
I tillegg til prosjektet si øvste målsetting om auka medvit knytt til tema, vart elevanes arbeid arrangert som ein konkurranse der kvar klasse skulle utarbeide eit forslag til retningsliner for søvn og skjermbruk. Det beste forslaget blei premiert med ein klassetur til Escape room i Oslo, samt publisering av forslaget på heimesida til kommunen.
Det var 9a som gjekk av med sigeren, les 9a sitt vinnerforslag her (PDF, 134 kB).
 
Bildet bruka i denne artikkelen er tatt av Marta Kjøllesdal, Bø Blad. 
 
Publisert av Kaia Hagen. Sist endra 13.02.2017
Login for redigering