Interkommunale einingar

Midt-telemark - Klikk for stort bilete Midt-Telemarkskommunane Bø, Nome og Sauherad har etterkvart utvikla eit omfattande interkommunalt samarbeid. Med eit samla innbyggjartal på ca 17 000 personar er det naturleg for midtfylket å samarbeide på ulike områder. 

Kommunevåpen   Bø kommune - Klikk for stort bileteKommunevåpen Bø kommune Kommunevåpen Sauherad kommune - Klikk for stort bileteKommunevåpen Sauherad kommune Kommunevåpen Nome kommune - Klikk for stort bileteKommunevåpen Nome kommune Frå 2003 vart samarbeidet utvida til å gjelde meir tradisjonelle forvaltningsområder som barnevern, brannvern, landbruk og informasjonsteknologi.
Frå tidlegare tider har det vore samarbeid innan energisektoren - jfr. Midt-Telemark kraftlag AS og Midt-Telemark Energi AS. Det same gjeld innan verna arbeidstiltak - Bø Produkter AS, Sauherad ASVO.

Midt-Telemarkrådet er ein organisasjon med faste møter og representantar frå dei 3 kommunane. Midt-TelemarkTinget er samansett av dei 3 formannskapa - og vi har også nokre årlege fellesmøter for dei 3 kommunestyra.

Avgjerande for det utvida samarbeidet er at kommunane er "samla" reint administrativt. Dvs. vi har bygd opp ei felles ikt-plattform der vi både pr. telefoni og data kan samhandle.
Felles serverar og nettverk gjer at vi kan nytte av den samme programvaren sjølv om vi er 3 juridiske "einingar" (sjølvstendige kommunar).

Vi gjer merksam på at vi på dei fleste fagområder samarbeidar med Nome og Sauherad, men det er også omfattande samarbeid med andre kommunar på områder der dette er naturleg.
Vi nemner IRMAT - felles renovasjonsordning og legevaktteneste, MTR - felles rekneskapskontroll.

Sist endra 24.05.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering