Eksterne lenker

Fakta om Bø kommune

Bø Kommune kommunevåpen - Klikk for stort bilete Bø kommune med sine 6 264 innbyggjarar (pr 1. kvartal 2017), ligg vakkert til i midt i Telemark.

 

Bøelva i brus under brua til Kvennøya - Klikk for stort bilete Ingrid Bergane Bø kommune er ein attraktiv kommune med vekst i både busetnad og arbeidsplassar. Dette skuldast høgskule- og forskningsmiljøet, vidaregåande skule, offentlege og private verksemder og eit variert og godt nærings-, kultur- og handelstilbod. Bø kommune er vertskommune for Høgskulen i Sørøst-Norge, med om lag 2.500 studentar knytt til studiestad Bø, og for Bø Sommarland som i løpet av korte sommarmånadar har om lag 150.000 besøknade.

Bø kommune er kommunens største arbeidsgjevar med ca. 450 årsverk.

Administrasjon: Kommunehuset Bøgata 67, 3800 Bø i Telemark 

Areal: 263 km2 

Høgaste punkt er Jøronnatten (1275 moh.).

Riksveg 36 og Sørlandsbanen er hovedferdselsårer gjennom kommunen.

Bø grenser til Notodden i nord, til Sauherad i aust, til Nome i sør og til Seljord i vest.

Det er kommunane Bø, Nome og Sauherad, som tilsamans utgjer Midt-Telemark regionen.

Kommunens næringsgrunnlag er hovedsakelieg jord- og skogbruk, offentlege kontor, skular: Bø vidaregåande skule og Høgskulen i Sørøst-Norge samt handel og turisme. Turistattrakasjoner er bl.a. Bø Sommarland og Lifjell. 

Bø kommune har eit rikt kulturliv. Gullbring Kulturhus, Kroa i Bø, Bøker i Bø, TelemarkfestivalenNiLiv, bygderevy og IL Skarphedin  er nokre stikkord som syner variasjonen i kulturlivet i bygda.

Bø er også kjent for sine rike kulturtradisjonar innan folkemusikk, sølvsmedkunst og felebygging. Utviklinga av hardingfela har hatt sitt hovedsete her gjennom bla. felemakarslekta Helland/Steintjønndalen som teller 14 felemakare gjennom nesten to århundrer. Dette siste har gitt Bø betegnelsen «Nordens Cremona».

" er innmark på og omkring ein gard. Ein bø er gjerne ein inngjerda åker eller eng, og er oftast dekka av gras."

 

Vinter i Bø - Klikk for stort bilete Torbjørn Dyrland

Sist endra 12.06.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering