BØ TORG

Oversiktsbilete frå opninga av torget - Klikk for stort bileteOversiktsbilete frå opninga av torget  

 

Bø Torg har 8 torgplassar som vender ut mot Bøgata. Desse er tilrettelagt for faste salsbodar med eigen straumtilgang. Bø kommune ynskjer å få meir ”liv” i gata og Bø Torg er ein del av dette.

All bruk av Bø Torg er gratis. Ynskjer ein fast plass, kan det skrivas ein heilårskontrakt og då vil plassen koste kr 2000,- pr år. Innehavarar av heilårskontraktar må vere oppmerksame på at dei ved enkelte større arrangement kan kome til å bli flytta til alternative plassar.

Ta kontakt med Bø kommune, informasjonskontoret for lån av plass!

Alle som får utlevert nøkler til stengsla (pullertar) må på førehand skrive under på ei avtale om å følgje gjeldande retningsliner. Avtala kan anskaffast og underskrivas innanfor opningstidene til informasjonskontoret, eller du kan finne den her -avtale (PDF, 14 kB), og sende den til postmottak@bo.kommune.no

Retningsliner for Bø Torg (PDF, 10 kB)og teikning av Bø Torg (PDF, 4 MB)

Sentrumsringen administrerar Bø Torg når det er Maidagar, Nattopent og Oktobermarknad.

Da kan Maylèn Mæland kontaktast på tlf 90 24 44 31 eller maylen@sentrumsringen-bo.no

 

For all anna informasjon, kan dykk kontakte informasjonskontoret på tlf 35 05 90 00 eller postmottak@bo.kommune.no

Publisert av Anny Iren Rinden. Sist endra 07.02.2017
Login for redigering