Barn som bekymrar

Ser du eit barn som gjev deg ein følelse av at noko er gale? Har du tenkt "her må det vere noko som dette barnet slit med"? Bø kommune ynskjer at vaksne i Bø skal bry seg og gjere noko med bekymringane kring barn som ikkje har det godt og trygt. Desse sidene henvender seg til både tilsette i kommunen som i jobbsamanheng har kontakt med barn, og til alle andre vaksne som har bekymringar om barn sin oppvekst og livssituasjon.  

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 01.11.2018

Bø kommune vil gjerne vere ein kommune der barn kan vere trygge på at nokon vaksne ser dei om dei har det vanskeleg på skulen eller i fritida. Som vaksen i Bø kommune deler du ansvaret for dette. Om du investerar nokre minutt av tida di på å orientere deg om "Barn som bekymrar" så er du allereie igang med å ta ansvar, og vise deg som ein vaksen som bryr seg. 

Du SKAL bry deg om du ser eit barn som gjev deg uro eller bekymring. Det finst uendeleg mange grunnar til å bry deg, men berre ein grunn til å ikkje... 

"Jeg ser deg" er eit hjelpemiddel som gjev mange tips til deg som er bekymra for eit barn.

Klikk her så er du igang: Jeg ser deg

Meir informasjon om dei ulike hjelpetenestene som er tilgjengelege i Bø kommune, finn ein i Oversikt over hjelpetenester retta mot barn og unge (PDF, 509 kB)

Har du ei konkret sak du ønsker å melde, kan du bruke følgande meldeskjema (DOCX, 83 kB). Dette skjemaet er meint som ein veiledar for dei som er bekymra for eit barn, og ønsker å melde dette til barnevernet. Bekymring frå privat meldar kan også meldas munnleg. Det er tilstrekkeleg at du er bekymra for barnets omsorgssituasjon for å melde frå til barnevernet. Du treng ikkje være sikker på at noko er gale før du melder.

For akutte meldingar eller bekymringar: 

Midt-Telemark Barnevernsteneste - tlf 35 95 71 50 (i kontortida på kvardagar)

Barnevernvakta i Grenland - tlf 90 05 33 04 (kl. 1600 - 08.00 på kvardagar, og heile døgnet på fri- og heilagdagar)  

Bø kommune - tlf 35 05 90 00 (i kontortida) 

Her kan du få råd eller melde bekymring direkte: 

Barna sin alarmtelefon

Barnevernvakta