Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Viktig informasjon til deg som skal søkje om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid.

Søk om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Det må søkjast om redusert foreldrebetaling / gratis kjernetid. Søknaden skal innehalde siste års skattemelding, og ev. skattepliktig person- og kapitalinntekt som ikkje er forhåndsutfylt i skattemeldinga. Det er kommunen der barnet er folkeregistrert som skal behandle søknader om reduksjon.

Redusert foreldrebetaling

Regjeringa har vedteke nye nasjonale satsar for redusert pris i barnehage frå 01.05.2015.
Ordninga inneber at ingen skal betale meir enn 6% av inntekta si til barnehagen.

Med statens maksimalpris vil husstandar pr. 01.01.18 med ein samla kapital- og personinntekt under kr. 533.500 ha rett til redusert foreldrebetaling.

Gratis kjernetid  

Fra 01.08.18 gjeld gratis kjernetid (20 timer pr. uke) for 3, 4 og 5 åringer som bor i hushaldningar med lavere inntekt enn kr 533.500. Gratis kjernetid gjeld det året barnet fyller 3, 4 og 5 år (frå barnehageåret som startar i august same kalenderår).

 

Kva for inntekter skal reknas med?

Det er husstandens (føresettes/sambuars) samla brutto person- og kapitalinntekt som er grunnlaget for berekning av betalingssats. Dette gjeld og for sambuarar som ikkje har felles barn.

Husstandens inntekter dokumenteras ved siste års skattemelding. Dersom noko ikkje er registrert på skattemeldinga av skattepliktige person- eller kapitalinntekt, er søkjar pliktig til å opplysa om dette ved søknad.


Eksempel på inntekter som skal inngå i berekningsgrunnlaget:

Arbeidsinntekt, sjukepengar, AAP, dagpengar, tiltaktpengar, uføretryg, etterlattepensjon, aksjeutbytte, renteinntekter, utleigeinntekter samt introduksjonsstønad for flyktningar.
 

Eksempel på inntekter som ikkje skal inngå i beregningsgrunnlaget:

Støtte til barnetilsyn, barnebidrag og barnetrygd, kontantstønad, økonomisk stønad til f.eks. barnehage og SFO samt studielån/stipend. 

 

Redusert faktura

Det kan søkjast om redusert foreldrebetaling gjennom heile året, men vedtaket har ikkje tilbakevirkande kraft. Søknadsfrist er den 1. i mnd for å få reduksjon på neste mnd. faktura.

Dersom det manglar inntektsdokumentasjon, vil ordinær betalingssats bli nytta fram til dette er mottatt av Bø kommune. Vær merksam på at dersom søknaden med inntektsdokumentasjon er motteken etter at faktura er sendt ut (ca. 20. i mnd), vil ein ikkje få reduksjon på første faktura. Det som er betalt for mykje trekkjast da frå på neste månads faktura.

Til dømes: 

Søkjer du 1.august, vil vedtaket gjelde frå 1. september. Søkjer du 27. august, vil vedtaket gjelde fra 1. september. 

Vedtaket er gyldig i inneverande barnehageår, og det må søkjast på ny for neste barnehageår. Me anbefalar at ein søkjer i god tid før 1.juli, slik at ein får med reduksjonen før faktura for august sendast ut.    

For meir informasjon, sjå link: http://www.udir.no/Barnehage/Regelverk/Foreldrebetaling/Moderasjonsordninger-foreldrebetaling/

Sist endra 23.08.2018