Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Bø kommune

(Vedtekter for dei private barnehagane ligg på deires heimesider)

Vedtatt i Utvalet for oppvekst og kultur 10.02.2017.

1. Eigar og driftsforhold.
Bø kommune eig og driv barnehagane Gullbring, Bøhamna og Folkestad barnehage.

 

2. Grunnlag for barnehagedrifta.
Dei kommunale barnehagane vert drivne i samsvar med Lov om barnehagar med forskrifter, rammeplan for barnehagen og kommunale vedtak.
Barnehagane skal ha samarbeidsorgan i samsvar med Lov om barnehagar.

 

3. Barnehagen si oppgåve – Føremål
Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barns behov for omsorg og leik,
og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på
grunnleggande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for
menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet,
verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn som er forankra i menneskerettighetane.
Barna skal få utfalde skaparglede, undring og utforskartrang. Dei skal lære å ta vare på seg
sjølv, kvarandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggande kunnskapar og ferdighetar. Dei
skal ha rett til medverknad tilpassa alder og føresetnadar.
Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens eigenverdi.
Den skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og vera eit utfordrande og trygt sted for fellesskap
og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle
former for diskriminering.

 

4. Foreldreutval
Barnehagen skal ha eit foreldreutval der foreldra til alle barna i barnehagen er medlemmer.
Frå kvar avdeling i barnehagen blir det vald ein representant med vara. Desse dannar foreldras arbeidsutval FAU.
F.A.U. vel ein representant kvar, med vararepresentant til samarbeidsutvalet. Valet gjeld for eit år av gangen.
F.A.U. skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til eit godt samarbeid mellom barnehagen og foreldregruppa.

 

5. Samarbeidsutval
Kvar enkelt barnehage har eiget samarbeidsutval. Samarbeidsutvalet består av foreldre/føresette og tilsette i barnehagen slik at kvar gruppe er likt representert, 2 representanter for foreldre/føresette, og 2 representanter for tilsette. Barnehagens eigar kan delta etter eiget ynskje, men ikkje med fleire representantar enn kvar av dei andre gruppene. Samarbeidsutvalet konstituerar seg sjølv. Alle skal ha personlege vararepresentantar. Samarbeidsutvalet skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ for føresette og tilsette i barnehagane. Barnehage eigar skal sikre at saker av viktigheit forleggast foreldreutvalet og samarbeidsutvalet. Samarbeidsutvalet skal ha minst eit møte pr. år.

 

6. Barnehagetilbodet.
Bø kommune gjev fylgjande barnehagetilbod:

Gullbring
gjev tilbod om 5 dagar, 4 dagar og 3 dagar.
Gullbring er godkjent for 84 plassar dersom alle barna er over 3 år.

Bøhamna barnehage
gjev tilbod om 5 dagar, 4 dagar og 3 dagar.
Bøhamna er godkjent for 46 plassar dersom alle barna er over 3 år.

Folkestad barnehage
gjev tilbod om 5 dagar, 4 dagar og 3 dagar.
Folkestad er godkjent for 109 plassar dersom alle barna er over 3 år.

Barnehagane er godkjent for barn frå 0 år.

 

Åpningstid:
Barnehagane er opne frå kl.07.15 til 16.45.
Barnehagane er opne alle virkedagar. Den held stengt joleaftan og nyttårsaftan, onsdag før skjærtorsdag,
og veke 29-30-31. 
Barnehagane held også stengt 5 planleggingsdagar i året.
Nytt barnehageår startar 15.08.

 

Ferie:
Barn i barnehage skal ta ut så mange dagar som ferielova føreset. Tre av vekene skal vere samanhangande om sommaren. Barnehagane er stengt 3 veker om sommaren; veke 29-30-31. Barnehagen sine
planleggingsdagar skal ikkje regnast inn i ferievekene til barnet .

 

7. Søknad om plass / Opptak i barnehagen/ Oppseiing av barnehageplass

Søknad om plass
Det kan søkjast om plass for alle barn som er busette i Bø kommune. Søknad om barnehageplass skjer på fastsett skjema. Opptaksnemnda kan vurdere om søkjarar som skal flytte til Bø, kan stille på lik linje med søkjarar frå Bø kommune ved opptaket. Brukaren kan miste retten til plassen ved manglande betaling eller om plassen vert lite nytta. (ikkje på grunn av sjukdom. )
Ved opptak vil kvar einskild søknad få ei så god vurdering som mogleg, basert på dei kriteria som er nemnde nedanfor i prioritert rekkefølgje. Opptaksnemnda skal og vurdere barnegruppas samansetjing ved opptak. Dette kan i visse høve endre opptaket.

Følgjande kriterium (prioritert rekkjefølgje) vert lagt vekt på:
A. Barn med funksjonshemmingar og barn det er fatta vedtak for etter barnevernsloven
B. Utviding av tilbod for dei som allereie har plass i barnehagen
C. Sysken av barn som allereie har plass
D. Barn av innvandrarar som deltar i introduksjonsprogrammet.
E. Det leggast vekt på å ha best mogleg samansatt barnegruppe
F. Barnet sin situasjon m.a. med vekt på heimesituasjon og leikemiljø

Ut over dette får det eldste barnet plass.

Barn som er busett i Bø kommune og som har plass, beheld denne til dei byrjar på skulen dersom den ikkje blir sagt opp skriftleg. Einingsleiarane i kommunen og styrarane i dei private barnehagane barnehage innstiller i samarbeid til hovudopptaket, det er dei som er opptaksnemda.
Etteropptak til ledige plassar i løpet av året blir gjort av einingsleiarane og styrarane i dei private barnehagane.
Utvalet for helse og oppvekst er klageutval.

 

8. Tilflyttingsplassar
Fordi det i løpet av sommarmånadane er særleg stor tilflytting til Bø, holdas det igjen 1 plass i kvar barnehage (dersom alle med rett har fått barnehageplass) for å ta imot evt. søkjarar som oppfylgjer nokon av krava til prioritet. Ved ledighet 1. august tildeles disse plassane etter den prioriterte ventelista.

 

9. Klagerett
Det er høve til å klage på vedtaket i opptaksnemnda etter reglane for enkeltvedtak. Klagenemnda er klageinstans, og klagefristen er tre veker (Forvaltningslova § 29 ).

 

10. Oppseiing av barnehageplass
Føresette kan seia opp plassen med oppseiingsfrist på 1 md, med oppseiing den 01. kvar mnd. Plassen skal betalast ut oppseiingstida. Oppseiinga skal vere skrifteleg.

 

11. Personalet i barnehagen.
Bemanninga i barnehagen skal til ei kvar tid tilfredsstille krava i barnehagelova og føresegnene.

 

12. Betaling
Bø kommune fastset foreldrebetalinga. Satsane for foreldrebetalinga blir rekna ut etter maksimalgrense for foreldrebetaling satt av Stortinget i sitt årlege budsjettvedtak. Føresette med låg betalingsevne kan søke NAV om betalingsfritak.
Bø kommune krev inn foreldrebetaling kvar månad i 11 månader. Betalingsfritak i juli.
Det er 30 % syskenmoderasjon for barn nr.2 og 50 % for barn nr.3.
Det er ikkje fråtrekk i foreldrebetalinga for feriar, planleggingsdagar og liknande.
Manglande betaling kan føre til at barnet mister plassen i barnehagen.

 

13. Godkjenning
Kommunen godkjenner barnehagar. Kommunestyret har delegert godkjenningsmynde til Utval for helse og oppvekst. Godkjenninga skal omfatte bygningar, uteområde, arealutnytting, vedtekter, internkontrollsystem og andre element som er viktige for at barnehagen er lovleg og forsvarleg.
Bø kommune har fastsett ei norm på areal pr. barn i leike og opphaldsareal.  Norma er 4,0m2 for barn over 3 år, og 5.5m2 for barn under 3 år. Dette er det same som retteleiande nasjonal norm.  

 

14. Dispensasjon
Kommunestyret kan gi dispensasjon frå vedtektene. Utvalet for helse og oppvekst har fullmakt til å gi dispensasjon i prinsipielle saker, medan Eining barnehage har fullmakt til å gi dispensasjon i kurante saker elles.

 

15. Tilsyn
Tilsynsfunksjonen etter barnehagelova § 16 er delegert til eit felles tilsynsorgan for Bø og Sauherad kommune.

 

16. Gebyr
Ved for sein henting mindre enn 15 min. etter stengetid må dei føresette betale eit gebyr på kr 150,- etter 3. gong.
Ved for sein henting meir enn 15 min etter stengetid må dei føresette betale eit gebyr på kr 150,- kvar gong. Etter 3 gebyr får dei varsel om at dei kan miste plassen.

 

17. Internkontroll
Den einskilde barnehagen pliktar å ha eit internkontrollsystem i samsvar med nasjonal forskrift og kommunale reglar. Systemet må inkludere kontroll av leikeapparat.

 

18. Vedtektsendringar
Endring av vedtekter skal leggjast fram for samarbeidsutval til uttale før Utvalet for oppvekst og kultur gjer vedtak.

___________________________________________________________________________

 

Sist endra 28.06.2017