Skuleskyss

Kva er skuleskyss:

Som skuleskyss reknast skyss mellom heim og skule til skulens ordinære start- og sluttid.
Det er fylkeskommunen som organiserer skuleskyssa i samråd med kommunen.

Kven har rett på skuleskyss:

  • elevar i 1. klasse som har meir enn 2 km mellom heim og skule
  • elevar i 2. – 10. klasse som har meir enn 4 km mellom heim og skule
  • elevar som på grunn av funksjonshemming og som etter legeerklæring har behov for skyss
  • elevar som har plass i SFO, og som på grunn av funksjonshemming eller midlertidig skade eller sjukdom har behov for skyss
  • elevar med særleg farleg eller vanskeleg skuleveg.  (Sjå eige punkt nedanfor)

 

Farleg eller vanskeleg skuleveg: 

Elevar i grunnskulen kan ha rett på gratis skuleskyss på farleg skuleveg, sjølv om avstanden til skulen er kortare enn grunnkravet til skuleskyss (høvesvis 2 og 4 kilometer for 1. klasse / 2. – 7.klasse).

Kommunen er ansvarleg for å innfri elevanes rett til skuleskyss når skulevegen er særleg farleg eller vanskeleg, jfr. Opplæringslova §7-1.  Eksterne sakkunnige vil vurdere kva som fell innanfor definisjonen av farlig skuleveg. Politiet, vegvesenet og Trygg Trafikk er slike instansar.  

Det må søkast om skuleskyss for kvart einskilt born, også for søsken. Retten til skyss er individuell. Avgjerd om skyss er eit einskildvedtak etter Forvaltningslova, med klagerett. Vedtaket skal vere grunngjeve, og opplyse om klageretten til Fylkesmannen.  

Søknader om skuleskyss på farleg skuleveg sendast elektronisk til postmottak@bo.kommune.no eller ved brev til Bø kommune, postboks 83, 3833 Bø i Telemark.

I handsaminga av søknader kan skulane/kontaktlærar ta kontakt med barnet om korleis skulevegen vert oppfatta. Kommunen v/ skulane må også gjere individuelle vurderingar i høve til funksjonsnivå for kvart einskilt barn. Dette er relevant informasjon for å kunne fatte vedtak om skuleskyss. Barnet sin stemme skal hørast, og barnet sitt beste skal vurderast individuelt i kvart tilfelle.

Søknadsskjema skyss på farleg skuleveg (DOCX, 36 kB)

Regelverk for skuleskyss i Telemark

Ofte stilte spørsmål om skuleskyss

Trafikktryggleiksplan for Bø kommune: http://www.bo.kommune.no/Handlers/fh.ashx?MId1=1530&FilId=1321 

 

 

Sist endra 09.11.2018