Utsatt eller framskunda skulestart

Skole.jpg - Klikk for stort bilete Foreldre/føresette som ynskjer det, kan søkje om utsatt eller framskunda skulestart for barn som skal byrje i grunnskulen etter Opplæringslova § 2-1

Dersom foreldra søkjer om det eller samtykker, kan kommunen etter sakkunnig vurdering la eit barn byrje på skulen eit år før ordinær skulestart, når det har fylt 5 år innan 1. april. Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet er kome tilstrekkeleg langt i si utvikling til å starte skulen, har barnet rett til utsatt skulestart dersom foreldra krev det.

Korleis søkje om utsatt eller framskunda skulestart?

Skriftleg søknad sendast til skule- og barnehageansvarleg i kommunen i god tid før innskriving før 31.12 året før.

Sakshandsamingstid

Etter Forvaltningslova si avgjerd skal vedtak i enkeltvedtakssaker fattas innan tre veker etter at søknad er mottatt i kommunen. Det skal sendast midlertidig svar dersom dette ikkje er mogleg.

Klagehøve

Vedtak om utsatt eller framskunda skulestart er eit enkeltvedtak som kan påklagast skriftleg innan tre veker etter at søknaden er mottatt. Klagen sendast til skule- og barnehageansvarleg i kommunen.

Sist endra 26.04.2018

Kontaktpersonar

Beate Darrud

Kommunalsjef - Oppvekst