Borgarleg vigsel

Gifteringer - Klikk for stort bilete

Frå 01. januar 2018 tek kommunen over ansvaret for borgarleg vigsel i Noreg. I Bø kommune er det ordførar og varaordførar som har myndighet til vigsel. 

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 20.11.2017

Kven kan vigslas borgarleg i Bø kommune


Kommunen tilbyr vigsel for innbyggarar i kommunen og personar som ikkje er busett i Noreg, men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg. Det held at ein av brudefolka er busett i kommunen. Tilbod om borgarleg vigsel gjeld også for utenlandske brudefolk og for norske statsborgarar som er busett i utladet. 

Bø kommune kan også tilby vigsel til innbyggarar i andre kommunar. 
 

Førebuing


Før ein kan gifte seg, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn ein del papir. På skatteetaten.no finn ein god informasjon på kva som må sendas inn av skjema. Her er det viktig å være tidleg ute, men ikkje meir enn 4 månader før giftemålet. Forventa sakshandsamingstid er opptil 3 veker. 

Skatteetaten vil så skrive ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. 

Etter at de har fått prøvingsattesten kan de ta kontakt med kommunen for å avtale tid for vigselen. Frist for å melde inn ønske om vigsel til kommunen er minimum 30 dagar før vigselen skal finne stad. 


Gjennomføring av vigselen


Før vigselen må prøvingsattest og gyldig legitimasjon være innlevert til vigslaren. 

Kommunestyresalen er vigselsrom. Har brudefolket andre ønsker om vigselstad, blir dette vurdert i kvart enkelt tilfelle. 

De må ha med to vitner som er til stades under seremonien. Dette kan gjerne være forlovarane. 

I sjølve seremonien nyttas det borgarlege vigselsformularet, som er ein tekst som vigslaren les opp. Seremonien kan tilpassas individuelt med eksempelvis musikk og tekstlesning ut over dette. 

Innen tre dagar etter bryllaupet sender kommunen inn ei vigselsmelding til Folkeregisteret. Samstundes får de ein kopi av vigselsmeldinga. Denne forungerer som ein midlertidig vigselsattest inntil de får den endelege i posten frå Folkeregisteret. 


Pris for tenesta


Tilbodet er gratis for vigslar på kvardagar mellom kl 08.00 og 16.00, dersom de bur i kommunen, eller dersom de fyller vilkåra for å inngå ekteskap her.

Ved vigsel utover desse tidene, tek kommunen betalt for meirkostnader, som blir vurdert i kvart enkelt høve. Andre som vil inngå borgarleg vigsel i Bø kommune har dei same vilkåra. 


Vil du ha borgarleg vigsel i Bø kommune?


Ønsker dykk å bli vigsla i regi av Bø kommune, send ei henvending til postmottak@bo.kommune.no. I e-posten oppgjer de namn på brudepar, e-post adresse, telefonnummer og ønske om dato og tid. Legg også ved kopi av prøvingsattesten. Orginal prøvingsattest legg de fram på dagen for vigselen. 

Kommunen vil ta stilling til om det er mogleg å gjennomføre vigsla slik brudeparet ønsker.