Midt-Telemark barnevern

Dersom du er bekymr for om eit barn får god nok omsorg, bør du melde frå til barnevernet. Di bekyrmingsmelding kan være viktig for barnet eller ungdommen det gjeld. 

Føremålet med barnevernlova er å sikre at barn og unge ikkje blir utsett for omsorgssvikt eller andre skadelege oppvekstvilkår.

Dersom det er nøvendig med tiltak skal barnevern så langt det er mogleg avgrense seg til tiltak i heimen. Flytting av barn skal i utgangspunktet vera ei naudløysing. 
Dei sentrale oppgavene til barneverntenesta er å undersøke samt sette iverk frivillige hjelpetiltak samt fremje forslag om tiltak til fylkesnemnda. 
Barneverntenesta skal gjennomføre og følgje opp Fylkesnemdna sine vedtak.

Ved alle tiltak etter barnevernlova skal det leggast vekt på kva som er best for barnet. Personar som til vanleg har teieplikt, har likevel opplysningsplikt overfor barneverntenesta dersom det er grunn til å tru at det ligg føre mishandling, alvorleg svikt i omsorg eller alvorlege åtferdsvanskar.
Privatpersonar kan også melde inn dersom dei er bekymra for barn.

Midt-Telemark barneverntjeneste er knytta til Barnevernvakten i Grenland. Barnevernvakten tek imot meldingar i tida
kl 16.00 - 08.00 på kvardagar, og ellers heile døgnet på fri- og heilagdagar.
Barnevernvakten gir også råd og rettleiing over telefon.

Sist endra 01.11.2018

Kontaktpersonar

Midt- Telemark Barnevernteneste

Barnevernvakta i Grenland

Tlf:

Adresse

Besøksadresse:
Gvarvgata 45
3810 Gvarv

Postadresse:
Postboks 43
3834 Gvarv

Kartpunkt