Bustøtte, startlån, tilskot og kommunale bustader

husbanken logo.jpg - Klikk for stort bilete

Bustøtte

er ein statleg støtteordning som administreres av husbanken og kommunen. Bustønad kan du søke dersom husstanden din har låge inntekter og høge buutgiftar. Ordningen er behovsprøvd.

Kven kan få bustøtte?

På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva slag grenser for inntekt som gjeld.

Sjekk om du kan få bustøtte

Korleis søkjer ein bustøtte?

Du kan søkje bustøtte elektronisk. Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 20. i månaden etter.

Om du får godkjend bustøtte, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din overført til neste månad automatisk. 

Du har plikt til å melde frå om endringar i opplysningane du har gjeve i søknaden. Sjekk alltid at det er bruka riktig opplysningar vedtaket du får. 
 

Om du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du mottok vedtaket. 

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om bustøtte på husbanken.no

Informasjon om bustøtte på fleire språk

Husbanken har laga ei informasjonspakke om bustøtte på engelsk, tigrinsk og arabisk. «Pakka» inneheld generell informasjon om ordninga og hjelp til å fylle ut søknaden, og så har vi oversatt vedtaksbrevet søkar får om han/hun får positivt vedtak.
 

Bustadkonsulent

– hjelper deg med lån og bustadtilskot frå Husbanken

Bø kommune får tildelt tilskotsmidlar av Husbanken som kan gjevast vidare for utlån til innbyggjarane. Midlane er spesialt merka til ulike prosjekt, derfor har Bø kommune ein Bustadkonsulent som jobbar med tildeling av desse midlane.

Heimesida til Husbanken.

Stiftelsen for utleigebustader i Bø kommune

har 40 bustader som leigast ut til eldre, psykiatri, rusomsorg og PU. Ta kontakt med dagleg leiar Helge Hallingby, post@bnselskap.no, tlf 915 44 913, for meir informasjon. 

Sist endra 24.05.2017

Åpningstider

Bustadkonsulent:
Espen Nordli Eriksen
Tlf: 908 19 807

Kontordagar:
Måndag, tysdag og onsdag
9.00 - 15.00

Bustønad:
Kontaktperson 
Tlf: 409 13 167

Kontordag: Torsdagar
9.00 - 15.00

Besøksadresse:
Nav-bygget
Stasjonsvegen 14
3800 Bø

Kartpunkt