Psykisk helse og rusarbeid

Psykisk helse

Ein av to nordmenn vil oppleve å få dårleg psykisk helse ein eller fleire gonger i løpet av livet. Årsaka kan vere ei oppleving av krise eller tap. Viss du eller nokon du kjenner treng hjelp har kommunen ulike tilbod du kan søke på.

Nedanfor finn du informasjon om dette tilbodet og korleis du kan komme i kontakt.

Aktivitetssenteret AKS

Opent måndagar og onsdagar. Aktivitetssenter er eit lågterskeltilbod der du kan slå av ein prat over ein kopp kaffe. Aktivitetssenter har ulike aktivitetar som tilpasses interessa til dei som kjem.

Hågålia bufellesskap

Her er det 8 leilighetar som leies ut til menneske som ønskjer ei tettare oppfølging over ein kortare eller lengre periode. Det er også eit fellesrom der bebuarane kan komme inn for å slå av ein prat med kvarandre eller miljøarbeidaren.

Støttesamtale/miljøarbeidartenesta ute i bygda

Miljøarbeidaren er ein person som kan kome heim til deg eller møte deg ute for å støtte deg i å mestre kvardagen, følge til butikk, lege, NAV m.m. Støttesamtalene kan du få anten frå miljøarbeidaren, psykiatrisk sjukepleiar eller anna høgskulepersonell.

 

For meir informasjon om tenesta trykk her

Hågålia - Klikk for stort bilete Aktivitetssenteret AKS - Klikk for stort bilete Biljard - Klikk for stort bilete Hand å halde i - Klikk for stort bilete Den gode samtalen - Klikk for stort bilete Trim AKS - Klikk for stort bilete

Sist endra 26.05.2017

Kontaktpersonar

Camilla Furuheim

Avdelingsleiar

Aktivitetssenteret AKS

Hågålia bufellesskap

Mobil:

Åpningstider

Åpent:
Man-fre: 9.00 - 15.00

Telefon: 
35 05 95 30

Besøksadresse:

Gvarvvegen 48
3801 Bø

Postadresse:
Bø kommune
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Kartpunkt