Om aktivitetskontakttenesta

Om støttekontakt - Klikk for stort bilete

Kva er ein aktivitetskontakt?

Aktivitetskontakt er nemninga på ein person som gjev andre assistanse, støtte og oppfølging på fritida. Hjelpa er tilpassa den enkelte brukar og målet er at brukar skal få ein meiningsfull fritid i samvær med andre, og i lengda hjelpe brukar med å vere trygg på seg sjølv, takle livssituasjonar betre og omgåast andre menneske i større grad.
Oppdraget er som regel nokre timar per veke, og er lønt og betalt av kommunen. Aktivitetskontakten treng vanlegvis ingen spesiell utdanning, men kommunen skal gje naudsynt opplæring og rettleiing ved behov.

Kven treng aktivitetskontakt?
Kven som treng aktivitetskontakt varierar. Det er menneske i ulike aldrar frå barn til eldre, og med ulike livssituasjonar. Det kan vere nokon med fysiske eller psykiske funksjonshemningar eller menneske med behov for praktisk bistand. Felles for desse er at dei har behov for assistanse for å få ein aktiv og meiningsfull fritid.

Kven kan verta aktivitetskontakt?
Det finst mange ulike menneske som treng aktivitetskontakt og difor trengst det òg eit spekter av ulike menneske som ønskjer å vere aktivitetskontakt. Difor kan alle som følar dei har eit overskot å gje av, og som føler seg som ein god rollemodell, hjerteleg velkomen til å melde seg som aktivitetskontakt. Som aktivitetskontakt bind ein seg for minst eit år.

Vi har stadig behov for fleire aktivitetskontaktar og oppfordrar spesielt menn og personar over 25 år til å søkje.

Sist endra 05.04.2018

Kontaktpersonar

Marita Kristina Valkeinen

koordinator for kultur og fritid

Adresse

Postadresse:
Bø kommune
Støttekontakttenesta
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Besøksadresse:
Gullbringvegen 34
(2.etg i Gullbring)
3801 Bø i Telemark