Undervisningstilbod / Pris

Pris

Det koster 3250,- for ein individuell elevplass pr. skuleår. For gruppetilbod koster ein elevplass 2694-.

Det blir sendt ut faktura kvar haust og vår. Alle elevar må re- registrere seg kvart år. Frist for gamle og nye elevar er 15.mai. 

Bø skulemusikk 4. feb 2017 1.JPG - Klikk for stort bilete Øystein Akselberg

Korpsinstrument - Frå 4.klasse og oppover

Elevar som spelar blåse- eller slagverksinstrument i kulturskulen er automatisk medlem i Bø skulemusikk (dette gjeld også nybyrjarar). Skulemusikken subsidierer elevkontigenten for elevane.
I samarbeid med Bø skulemusikk gjer kulturskulen tilbod om undervisning på følgjande instrument:

  • Fløyte
  • Klarinett
  • Saxofon
  • Trompet
  • Trombone/horn/baryton/tuba
  • Slagverk

Det anbefalast å fylle inn alternative ønskjer. Bø skulemusikk låner ut instrument til dei som får tilbod om plass.

Hardingfele - Klikk for stort bilete

Andre instrument - Frå 4.klasse og oppover

Vi har tilbod på desse instrumenta:

  • Song
  • Piano
  • Gitar/el-gitar
  • Bass
  • Hardingfele

Elevane må i utgangspunktet skaffe seg instrument sjølve, men vel du hardingfele får du leige av Bø juniorspelemannslag. Elevar som spelar hardingfele i kulturskulen er automatisk medlem av Bø juniorspelemannslag med obligatorisk samspel annan kvar veke.

Band - Frå 8.klasse og oppover

Søkjarar som får instrumentalundervisning gjennom kulturskulen vil bli prioritert.Vi har 3 band. Vi treng elevar på piano, gitar, bass og trommer. Blåsarar kan også melde seg på, slik at vi kan lage blåserekker til banda. Felespelerar kan også melde seg på, så vi kan prøve å få til eit folk-rock band. Dette tilbodet er først og fremst tenkt til elevar som har gått i kulturskulen nokre år.

Barne- og ungdomsteater - Frå 5.klasse og oppover

Barne- og ungdomsteateret er eit samarbeid mellom kulturskulen og Bø ungdomslag. Gruppa vil arbeide fram eit stykke som vil ha forestillingar mars 2019. Deltakarane blir automatisk medlem av Bø ungdomslag ved betaling av avgift. Ungdomslaget subsidierar elevkontigenten for deltakarane. Øving foregår på Sandvin.

Bilde/visuell kunst - Frå 3.klasse og oppover

3.-6.klasse:
Vi ønskjer å gje eit tilbod til barn innan faget bilde. Kurset blir basert på både to- og tredimensjonalt uttrykk (teikning, måling og skulptur). Elevane vil få undervisning i ulike teknikkar, samtidig med at fantasi og eigenart blir sett i fokus. Det vil bli laga ei utstilling av elevarbeida på slutten av vårsemesteret.

7.klasse og oppover:
Eit tilsvarandes kurs som det overfornemde, der målgruppa er ungdom.

 

Danseverkstad - Frå 2.klasse og oppover

Skuleåret 2018/2019 blir det 5 grupper med dans, med plass til 12 elevar på kvar gruppe.

  • Dans for 2.-5.klasse
  • Breakdance for gutar, frå 4.klasse og oppover
  • Dans for 5.-7.klasse
  • Dans for ungdomsskule/vidaregåande

I tilbodet er ein innom mange av dagens danseformar, t.d. jazz, moderne- og kreativ dans.

Musikk/Bilde i SFO-tida

Vi tilbyr musikk/bilde i SFO-tida ved Bø skule.
Undervisninga vil legge vekt på grunnleggande ferdigheitar som rytme, song og samspel på Orff instrument, teikning, måling og skulptur. Undervisninga vil veksle mellom musikk og bilde.

 

Sist endra 02.01.2019