Idrett og friluftsliv

Fysisk utfoldelse i organisert eller uorganisert for er viktig for folkehelsa. Eit god tilbod inna idrett og friluftsliv utgjer ein trivselsfaktor for innbyggjarane i kommuna. Eining for kultur og fritid skal støtte idrett- og friluftslivsarbeid som bidrar til gode oppvekstvilkår for barn og unge, og som er med på å betre den generelle folkehelsa.

Idrettslag med tilhøyrande anlegg har ein særleg viktig funksjon i samfunnsbygginga med sine tilbod for barn og unge. Eining for kultur og fritid formidler søkeordningar for lag og organisasjonar innan idrett og friluftsliv, for å sikre god drift og utvikling av det frivillige arbeidet. Kultur og fritid samarbeider tett med Bø Idrettsråd for å styrke idretten i bygda. 

Bø kommune har utarbeida ein eigen kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet (PDF, 2 MB). Denne planen blir revidert kvart fjerde år, no sist i 2016. Handlingsprogrammet til denne planen består av ei prioritert liste over idrettsanlegg som det skal søkjast støtte til via spelemiddelordninga. Denne handlingsplanen blir rullert kvar haust. 

Idrettshaller og gymsaler i Bø kommune

Telemarkshallen - driftast av IL Skarphedin.

Gullbringhallen - halleige koordinerast av Gullbring kulturanlegg AS.

Idrettshall Bø vgs - halleige koordinerast av Gullbring kulturanlegg AS.

Gymsal Bø skule - kontakt Bø skule for leige av gymsalen. 

Gymsal Folkestad skule - kontakt Folkestad skule for leige av gymsalen.

 

I 2017 blei det gjennomført ei kartlegging av bruk og utleige av idrettshallane i Bø kommune. 

Sist endra 23.11.2018

Kontaktpersonar

Sindre Flø

Prosjektleiar

Adresse

Kulturkontoret har opent:
Mån - fre 09.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 34 (2.etg i Gullbring)
3801 Bø

Telefon:
35 05 90 00
E-post: 
postmottak@bo.kommune.no

Kartpunkt