Kulturminne og museum

Det er mange viktige aktørar som arbeider for bevaring av kulturarv i Bø. Kommuna har i fleire år samarbeida med Sauherad kommune i kulturminnearbeidet, og har saman ein interkommunal kommunedelplan for kulturminner som vart utarbeida i 2016. 

Bø Museum har samlingar av ulik art, mellom anna bygningar, foto, gjenstandar og privatarkiv. I tillegg skipar dei til ei rekke ulike arrangement, knytt til kulturminne og kulturarv. Saman med musea er dei lokalhistoriske arkiva i Bø og Sauherad, viktige institusjonar for bevaring og formidling av skriftlege kjelder om vår felles kulturarv.

Kulturskulen i Bø tilbyr eit vidt spekter av undervisning til barn og unge, innan både folkekunst og folkemusikk. Gjennom undervisning, utstillingar og konsertar står kulturskulane for viktig formidling og opplæring, som styrker bevaringa av kulturarven vår. I Bø blir tradisjonane halde i live også gjennom svært aktive folkemusikkmiljø, spelemannslag, dansarringar og skikøyring i Telemarksgruppa til IL Skarphedin.

Gjennom eit fleirårig prosjekt har frivillige, musea og kommunane i Bø og Sauherad arbeida med digitalisering og registrering av kulturminner. Deler av resultatet kan du finne i kartet under heller her: KNReise - demonstratorer

Sist endra 26.09.2018