Eining for kultur og fritid

torget ung sjonglør Bø kultur.jpg - Klikk for stort bilete

Bø kommune har eit mangfaldig kulturtilbod og ei aktiv befolkning med sterkt engasjement. Gullbring kulturanlegg er bygdas populære kulturhus og idrettsarena, ein open møteplass for alle; her finn du også kino, kulturkontor og kulturskulen. Bø bibliotek har tilhald like ved Bø torg. Gullbring ligg i Bø sentrum med Evjudalen friluftspark, universitetet Campus Bø, Bø hotell, idrettsanlegg, skatepark og barnehagar tett på. 
 
Frivillige lag og foreiningar driv eit mangfald av aktivitetar, møteplassar og anlegg innanfor sport, idrett, friluftsliv, kulturminne og kunst og kultur. Eit godt samspel med frivillige lag og institusjonar er høgt prioritert. Bø kommune blei kåra til Norges kulturkommune i 2005. Bø skårar også høgt på Telemarkforsking sin Kulturindeks. Dette er eit godt utgangspunkt for å utvikle lokalsamfunnet vidare med fokus på kreativitet, livskvalitet, gode opplevingar og folkehelse. Med kulturfaglege forskings- og studiemiljø på Universitetet i Søraust-Noreg, Telemarksforsking og ulike regionale aktørar, vil Bø vere eit naturleg tyngdepunkt for regionens kulturliv i framtida; ein open, aktiv og inkluderande kulturregion.
 
 
 

AKTIVITET FOR ALLE BARN OG UNGE

Bø kommune ønskjer å legge til rette for møteplassar og fritidsaktivitetar der terskelen for å delta er låg. Barn og unge som veks opp i låginntektsfamiliar skal også kunne vere med på fritidsaktivitetar på lik line med alle andre. Dette er eit satsingsområde i tida framover. I 2017 har Marita Kristina Valkeinen som er støttekontaktkoordinator i kommunen, gjort ei kartlegging av fritidstilbod i Bø kommune - både offentlege og i regi av private og frivillige.Rapporten Aktivitet for alle barn kan du lese her!  (PDF, 2 MB)Du kan også lese meir om våre satsingar på kulturfeltet i kommunedelplan for kunst og kultur 2015-2027.  (PDF, 857 kB)


ARRANGEMENT

Dersom du er på jakt etter aktiviteter og arrangement i regi av ulike lag og organisasjonar i bygda, kan du klikke deg inn på lista over lag og organisasjonar på heimesida vår. Eit godt tips er også å følge ulike sider på facebook:

Hått skjer i Bø?
Telemarkfestivalen
Bø kino
Kroa i Bø
Gullbring kulturhus
Visit Bø 

Artiklar
Sist endra 31.05.2018

Kontaktpersonar

Hilde Kristine Pedersen

Kultursjef

Åpningstider

Kulturkontoret har opent:
Mån - fre 09.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 34 (2.etg i Gullbring)
3801 Bø

Telefon:
35 05 90 00
E-post: 
postmottak@bo.kommune.no

Kartpunkt