Bø Torg og Evjudalen friluftspark

Bø Torg har 8 torgplassar som vender ut mot Bøgata. Desse er tilrettelagt for faste salsbodar med eigen straumtilgang. Bø kommune ynskjer å få meir ”liv” i gata og Bø Torg er ein del av dette.

Evjudalen friluftspark er tilrettelagt for allsidig aktivitet, og det er lagt opp straumboks for arrangement.

All bruk av Bø Torg og Evjudalen friluftspark er gratis. Ynskjer ein fast torgplass, kan det skrivas ein heilårskontrakt og då vil plassen koste kr 2000,- pr år. Innehavarar av heilårskontraktar må vere oppmerksame på at dei ved enkelte større arrangement kan kome til å bli flytta til alternative plassar.
For bruk av Evjudalen friluftspark gjeld melding til kommunen kun ved større arrangement slik som konsertar eller marknad, som kan komme i konflikt med annan aktivitet i dalen.

Ta kontakt med Bø kommune, informasjonskontoret for lån av plass!

Alle som skal benytte seg av Bø torg (torgplassar) eller Evjudalen til større arrangement må på førehand skrive under på ei avtale om å følgje gjeldande retningsliner. Avtala kan anskaffast og underskrivas innanfor opningstidene til servicekontoret, eller du kan finne den øvst på sida her og sende den til postmottak@bo.kommune.no

Sentrumsringen administrerar Bø Torg når det er Maidagar, Nattopent og Oktobermarknad.

For all anna informasjon, kan dykk kontakte servicekontoret.

 

 

Sist endra 05.04.2018

Kontaktpersonar

Leige av Bø Torg

Servicetorget Bø kommune

Ole Johan Natadal

Sentrumsringen

Kartpunkt