Byregionprogrammet i Midt-Telemark

Byregionprogrammet - Klikk for stort bilete

Utviklingsprogram for byregioner – Byregionprogrammet – skal auke kunnskapen om samspelet mellom by og omland for å styrke den regionale vekstkrafta i desse områda. 37 byregionar med til sammen 213 kommuner er no i gang med fase 2 av programmet.

Byregionprogrammet for Midt-Telemark har som resultatmål:

  • 150 nye kunnskapsarbeidsplassar i Midt-Telemark i løpet av 5 år
  • 20 nye nettverkssamarbeid mellom bedrifter i Midt-Telemark og Høgskulen i Sørøst-Norge
  • 50 bedrifter i Midt-Telemark deltar på kurs som HSN eller vidaregåande skule gjennomfører
  • Studiestad Bø utviklast som region og næringsliv sitt kontaktpunkt til HSN

Midt-Telemarkrådet vedtok i desember 2013 å søke om deltaking i byregionprogrammet. Etter forstudie i 2014, vedtok alle tre kommunane i Midt-Telemark å søke om deltaking i fase 2 av programmet. Tilsagn for fase 2 vart innvilga av Kommunal og moderniseringsdepartementet (KMD).

Hovedfokus i prosjektplanen er å auke kontakten og samarbeidet mellom kommunane, næringsliv i Midt-Telemark, Høgskolen og dei vidaregåande skulane for å styrke bedriftene si kompetanse og generere flere arbeidsplassar i regionen.

Fase 2 starta opp hausten 2015 og vil pågå fram til 2018.

 

Prosjektplan for Byregionprogrammet i Midt-Telemark (PDF, 728 kB)

Sist endra 13.06.2017