Midt-Telemark Arbeidsgiverkontroll

Midt-telemark - Klikk for stort bilete Midt-Telemark Arbeidsgiverkontroll er eit interkommunalt samarbeid mellom Bø, Nome og Sauherad, med Bø som vertskommune. Det er i tillegg inngått avtale med kommunane; Hjartdal, Tinn, Seljord, Vinje og Fyresdal. Oppgåva vår er å kontrollere  om arbeidsgjevarane i desse kommunane gjennomfører forskotstrekk og bereknar arbeidsgjevaravgift i samsvar med regelverket i skattebetalings- og folketrygdlova. Med jamne mellomrom gjennomfører vi kontroll av rekneskap og bilag hos næringsdrivande.                   

Hos arbeidsgjevarar inngår det også i kontrollen å sjå til at rekneskap og lønsutbetalingar er innretta i tråd med lovar og forskrifter. I forbinding med gjennomgang av rekneskapet, har veiledning og informasjon ein sentral plass i arbeidet. Hos Midt-Telemark Arbeidsgiverkontroll kan ein få informasjon om regelverket for forskotstrekk, arbeidsgjevaravgift og lønsinmelding, og dei pliktene arbeidsgjevar har som gjeld berekning, innsending av oppgåver og betaling av forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift.

Sist endra 24.05.2017

Kontaktpersonar

Gunn Jorunn Kaasa

Leiande reknskapskontrollør

Ingunn Moen

Reknskapskontrollør

Gunhild Moen

Reknskapskontrollør

Åpningstider

Ope:
Man - fre: 08.00 - 15.00
Tlf: 35 05 90 00

Besøksadresse:
Bøgata 67
3800 Bø i Telemark

Postadresse
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Kartpunkt