Skjenking og sal av alkohol - Servering av mat

Skjenkeløyve 

For å servere/skjenke alkoholhaldig drikk må eit skjenkested ha eit skjenkeløyve. For kvart løyve skal det vere ein styrar og ein reservestyrar. Både styrar og reservestyrar må ta og bestå: Kunnskapsprøva i alkohollova og delta på Ansvarleg vertskapskurs. Styrar må og ta og bestå: Etablererprøva i serveringslova.
Søknaden vil bli sendt til Politi, Nav og Skatteinnkrevjar/Skatteetaten til uttale. Søkjer, eigar og personar som har ein vesentleg innflytelse på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel. Eit løyve kan bli gitt for 4 år av gangen. 
 
Vesentlege endringar kan medføre krav om ny søknad om skjenkeløyve. Skjenkeløyvet fall bort ved overdraging av ei verksemd, men man kan likevel drifte på tidlegar skjenkeløyve i inntil 3 månadar etter overdraging. 
 
Ein kan og søkje om skjenkeløyve for ein bestemt del av året, eller til eit enkelt arrangement. Det kan og søkjast om utviding av eit eksisterande skjenkeløyve. Utviding av skjenkeløyve kan gjelde areal, skjenketid eller type alkoholhaldig drikk. 
 

Salsløyve 

Daglegvarebutikkar som ynskjer sal av alkoholhaldig drikk med høgst 4,7% alkohol (øl, rusbrus), må søkje kommunen om salsløyve. For kvart løyve skal det vere ein styrar og ein reservestyrar. Både styrar og reservestyrar må ta og bestå: Kunnskapsprøva i alkohollova. Søknaden vil bli sendt til Politi, Nav og Skatteinnkrevjar/Skatteetaten til uttale. Søkjer, eigar og personar som har ein vesentleg innflytelse på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel. Eit løyve kan bli gitt for 4 år av gangen.
 
 
 

Skjenkeløyve – enkelt arrangement 

Skjenkeløyve for enkelt arrangement kan bli gitt når til dømes ei gruppe personar, lag/foreining, et kollegium, anna type samankomst der sal/skjenking av alkohol inngår som ein del av arrangementet. Sal/skjenking kan føre gå ved sal av billettar, ved kuvertpris og/eller ved sal/skjenking frå bar. Skjenkeløyvet kan bli gitt for inntil 6 dagar. Søknaden vil bli sendt til Politi og  Nav til uttale, og den/dei som står som ansvarleg vil bli vandelskjekka. 
 
Gebyr: 
Under 100 deltakararar/gjester kr 1000,-
Over 100 deltakarar/gjester kr 2500,-
 

Skjenkeløyve – ambulerande løyve

Ynskjer ein å servere/skjenke alkoholhaldig drikk mot betaling i eit lukka selskap, må ein søkje om eit ambulerande løyve. Følgjande vilkår skal vere til stades: 
Gjeld lukka lag, det vil seie at ein på førehand veit kven som kommer (inviterte gjester).
Gjeld til dømes: Bryllaup, bursdagar, vennelag etc. 
Ein person må vere ansvarleg for skjenkinga. Den som skal vere ansvarleg må vere over 20 år. 
Søknad skal vere sendt til kommunen seinast 1 veke før arrangement skjer.  
 
Gebyr: 
Gebyr blir fastsett etter gjeldande gebyrsats i forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk mv. § 6-2, 3. ledd 
 

OBS: 

Det er ikkje høve til å nyte medbrakt alkoholhaldig drikke når man har fått skjenkeløyve.

 
 
 

Omsetningsoppgåve for sal- og skjenkeløvye 

Alle som har eit sal- og/eller skjenkeløyve må fylle ut og levere omsetningsoppgåve til kommunen. I henhald til prikktildelingssystemet kan ein få 2 prikkar om ein ikkje leverar omsetningsoppgåva innan gitt frist. 
 
 

Servering 

For å drive ein serveringsstad må ein ha serveringsløyve. Ein serveringsstad er ein stad kor det serverast mat og/eller drikke og kor forholda ligg til rette for fortæring på staden. Serveringsstadar kan vere: restaurantar, kafear, konditori, gatekjøkken, potetvogn, pubar og bensinstasjonar. Krav til serveringsløyve gjeld både for utandørs og innandørs servering, også for sjølvbetening. Ein treng ikkje ha sitteplassar for å bli regna som ein serveringsstad.  Til dømes vil eit gatekjøkken som serverar mat gjennom ei luke i veggen vere ein serveringsstad. Det same gjeld for kioskar som i tillegg til vanlege kioskvarar sel mat som varme pølser etc. 
 
Ein serveringsstad skal ha ein dagleg leiar som har ansvaret for den daglege drifta. Dagleg leiar må ta og bestå: Etablererprøva i serveringslova. Søknaden vil bli sendt til Politi, Nav og Skatteinnkrevjar/Skatteetaten til uttale. Eigar, dagleg leiar og personar som har ein vesentleg innflytelse på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel. 
 
 

Kunnskapsprøva i alkohollova og Etablererprøva i serveringslova – Ansvarleg vertskapskurs 

Den som er styrar og reservestyrar for eit sal- eller skjenkeløyve må ha tatt og bestått: Kunnskapsprøva i alkohollova. Ta kontakt med kommunen om du ynskjer å ta prøva. 
 
Den som er styrar og reservestyrar for eit  skjenkeløyve må og ta: Ansvarleg Vertskapskurs. Kommunen arrangera Ansvarleg Vertskapskurs kvar vår. 
 
Dagleg leiar for eit serveringsløyve og styrar for eit skjenkeløyve må ha tatt og bestått: Etablererprøva i serveringslova. Ta kontakt med kommunen om du ynskjer å ta prøva.
 
 
Sist endra 02.08.2017

Åpningstider

Ope:
Måndag - Fredag
kl. 08.00 - 15.00

Sentralbord:
Måndag - Fredag
kl. 08.30 - 15.00
 

Telefon
35 05 90 00