Kart og eigedomsinformasjon

Kart for Bø kommune er tilgjengeleg på nettbrett og mobil gjennom appen Kommunekart. Kommunekart inneheld grunnkart, ortofoto, eigedomar, bygg, kommuneplan, reguleringsplanar og planregister med plandokument. Appen kan lastast ned gratis på Google Play og App Store. Dersom du vil bruke Kommunekart på PC (eller Windows nettbrett) er det også løysing for dette på Kommunekart.com

Webkart for Bø - Klikk for stort bilete

Sal av kartdata 

Bø kommune tilbyr sal av FKB-data, alle tema, kommuneplan/ kommunedelplan, reguleringsplanar, v/a-data og detaljerte høgdedata innanfor delar av kommunen. Sal av kartdata er regulert gjennom Geovekst, eit kartsamarbeid mellom kommunar og andre offentlege etatar. Minstepris er kr 1000 eks mva.

Andre landsdekkande kartportalar

Seeiendom
Her finn ein informasjon om eigen eigedom.  Ein kan og bestille utskrift frå grunnboka over eigedomar ved å logge seg inn med MinID, BankID osb.

NVDB
Vegkart - offentleg informasjon om Norges vegar frå Nasjonal vegdatabank

Gårdskart på internett

Norgeskartet

Sist endra 31.08.2017

Kontaktpersonar

Kari Verpe Hynne

GIS-koordinator/avd.ing

Åpningstider

Opningstider
Man-fre kl 08.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 20
3800 Bø

Postadresse
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Kartpunkt