Kva er ein reguleringsplan?

Reguleringsplan - Klikk for stort bilete Ein reguleringsplan er eit verkty for kommunen for å styre utviklinga av eit område. Korleis skal vi bu? Kvar skal vi ha friområde? Korleis skal vi bevege oss rundt? Ein reguleringsplan består av eit plankart med tilhøyrande føresegner og planomtale. Sjå karttenesta kommunekart for informasjon om gjeldande planar for eit bestemt område.

 

Det finnes to typer reguleringsplanar - områderegulering og detaljregulering. Områderegulering lagast av kommunen og styrer utviklinga i eit større område, t.d. Bø sentrum. Detaljreguleringar er som regel knytt opp til eit spesifikt byggeinitiativ. Detaljreguleringar kan lagast av kommunen eller private utbyggarar og initiativtakarar, men det er fagkunnige som utarbeidar planforslaget og må forhalde seg til overordna planar laga av kommunen.

Oversikt over pågåande planarbeid og nyleg vedtatte planar i Bø

Alle planforslag skal vise konsekvensane av forslaget, innehalde ei vurdering av om forslaget følgjer opp overordna planer, og få fram kva for interesser som står mot kvarandre og kva som er prioritert.

Teknisk eining gir råd om kva planforslaget må innehalde. Det er kommunestyret i Bø som vedtar reguleringsplanane. Sjå meir info om innsending av privat reguleringsplanforslag dersom du skal lage ein reguleringsplan.

Når kan du påvirke reguleringsplanen?

En viktig del av arbeidet med reguleringsplanen er å få innspel frå innbyggarane. Du kan kome med innspel i to runder i planarbeidet: Når planarbeidet startar (ved varsel om oppstart) og når forslaget er utarbeida (ved offentleg ettersyn). I båe rundane får naboar, grunneigarar og offentlege organ varsel om planarbeidet. Planarbeidet vert også kunngjort i Bø blad og på heimesida til kommunen.

Varsel om oppstart

Når nokon skal lage ein reguleringsplan, må dei varsle om oppstart av planarbeidet til naboer og andre som blir berørt av planen. Du skal sende din uttale direkte til den fagkunnige som utarbeider planforslaget i denne runden.

Offentleg ettersyn

Når vi har mottatt planforslaget, legg vi det fram til politisk behandling i hovudutval for plan, teknikk og næring. Etter behandling i utvalet skal alle få høve til å kome med innspel til planforslaget. Planforslaget som blir lagt ut til offentleg ettersyn innehalder detaljerte beskrivingar, kart og føresegner og andre utgreiingar. Frist for å kome med uttaler i denne runden er minst seks veker. Du sender innspelet ditt til oss.

Teknisk eining vurderer etter høyringsrunden korleis uttalene skal påverke planforslaget og sender det til politisk behandling i hovudutval for plan, teknikk og næring og kommunestyret.

 

Sist endra 23.08.2017

Kontaktpersonar

Kristin Karlbom Dahle

Arealplanleggar

Kari Verpe Hynne

GIS-koordinator/avd.ing

Åpningstider

Opningstider
Man-fre kl 09.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 20
3800 Bø

Kartpunkt