Bygdepakke Bø og Sauherad

Bygdepakke Bø og Sauherad er eit utviklingsprosjekt med mål å oppnå nullvekst i personbiltrafikken gjennom Bø sentrum og å inspirere fleire til å sykle, gå og reise kollektivt i og mellom attraktive stader i Midt-Telemark.  
Prosjektet er tverrfagleg og er basert på samarbeid og spleiselag på tvers av etatar og forvaltningsnivå med Jernbanedirektoratet, Fylkesmannen i Telemark, Statens vegvesen, Bane NOR og Telemark fylkeskommune. 
 
Prosjektet samarbeider også med ulike aktørar som til dømes Distriktssenteret, Transportøkonomisk institutt, Universitetet i Søraust-Noreg, Sentrumsringen i Bø, grunneigarar, skular, institusjonar og frivillige organisasjonar.  
 
bykdepakke-logo-transparant bg.png - Klikk for stort bilete
Bygdepakka og Sykkelbygda har fått mye merksemd både lokalt, regionalt og nasjonalt - ikkje minst gjennom forskingsprosjektet "Bygdepakke Bø. Et forprosjekt om utvikling av klimavennlige og attraktive bygder" (TØI, 2017), "Bø stasjon 2030. En mulighetsstudie"(Rambøll 2017), opprustinga av Stasjonsvegen i Bø sentrum (SVV/Tfk 2017) – og ein etterlengta gang- og sykkeltrasé langs Rv 36 mellom Bø og Gvarv som er under planlegging med realisering tidleg på 2020-talet. 
 
Samla sett har dette ført til meir fokus på helhetlig areal-, transport- og mobilitetsplanlegging i små byar og på mindre stader, men også auka interesse for å endre reisevanar hos innbyggarane. Når Bø og Sauherad nå slår seg saman, har vi ein unik sjanse til å implementere ny kunnskap og ny praksis for tverrfagleg samarbeid i bygging av den nye kommunen. 
 

Kunnskapsbank

Kontakt oss i prosjektgruppa! 

Kristin Karlbom Dahle, krda@bo.kommune.no  (areal og transport, parkering, kollektivknutepunkt)
Sindre Flø, sindre.flo@bo.kommune.no  (sykkelbygda, kampanjer, sykkelplan)
Otto Christian Dahl, otto.christian.dahl@midt-telemark.no  (FoU, reisevane, samarbeid)
Hilde K Pedersen, hilde.pedersen@bo.kommune.no  (prosjektleiar/koordinator) tlf 95704048

 

 

Hjertesone.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

For deg som vil lese meir!

 

Sterk gjennomføringskraft!

Døme på gjennomførte tiltak i Bygdepakka er etablering av overbygde sykkelparkeringar, buss-skur, kartlegging og plan for opprusting av sykkelvegar, plan for auka parkeringskapasitet på Bø stasjon, meir fokus på trafikktryggleik og sykkelopplæring i skulen, parkeringsanalyse for sentrum, utgreiing av gatebruk, sykle-til-jobben-kampanje, el-sykkelsatsing og sykkelmekkedagar. Mange av desse tiltaka skjer i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar og næringslivet, og er samstundes ledd i kommunane sitt folkehelsearbeid.

Bø er eit attraktivt regionsenter midt i Telemark; ein liten kommune i sterk vekst (2,7 % vekst i 2016) med om lag 6300 innbyggarar og 3000 studentar. Potensialet  for å redusere personbiltrafikken ved å få fleire til å gå, sykle og reise kollektivt er stort:

  • Gjennomfartstrafikken på riksveg 36 gjennom Bø sentrum utgjer bare om lag 15-20 % av totaltrafikken. 
  • Campus Bø med sine ca 3000 studentar ligg i Bø sentrum, og over 50% av studentar og tilsette ved Høgskolen i Telemark avd Bø bur innafor gang- og sykkelavstand til sentrum
  • Bø sentrum er eit kompakt sentrum der også arbeidsplassar, handel, barneskule, ungdomsskule, vidaregåande og barehagar er lokalisert -  i tillegg til kollektivknutepunktet Bø stasjon.
  • Dei store bustadområda ligg tett på sentrum innanfor rimelig gang- og sykkelavstand
  • Gang- og sykkelvegnettet er generelt godt 

 

Sauherad kommune har om lag 4300 innbyggarar fordelt på fleire levande tettstader med mindre enn 1000 innbyggarar i kvar. Gvarv er skule-, helse- og handelssenter i Sauherad, medan dagens kommuneadministrasjon er lokalisert til Akkerhaugen. Sørlandsbanen og Bratsbergbanen er viktige for kollektivtransport og godstransport. Nordagutu stasjon er knutepunkt med persontogstopp for trafikk på begge dei to banane. Auka busetting og næringsetablering nært kollektivknutepunkta og betre tilrettelegging for sykkel og gange i tettstadene, er eit mål i Sauherads kommuneplan.


Det overordna målet for hovudprosjektet er å oppnå nullvekst i lokaltrafikken i Bø sentrum og å få fleire til å sykle, gå og reise kollektivt i og mellom attraktive stader i den nye kommunen. Hovudprosjektet bygger direkte på resultat og funn frå Bø i forstudien og i forprosjektet. Mye er overførbart, men i hovudprosjektet skal Sauherad kommune fastsette mål og tiltak basert på kunnskap om forhold i Sauherad. 

I løpet av hovudprosjektperioden vil Bø og Sauherad kommunar arbeide med å bygge nye Midt-Telemark kommune. Dette reformarbeidet vil naturleg skape nye behov og utfordringar for utvikling av overordna strukturar for stadutvikling, attraktivitet, infrastruktur og kommunikasjon i den nye kommunen. Dette vil konkret vere deltema i hovudprosjektet. Bygdepakke Bø og Sauherad satsar på å utvikle ny metodikk for heilskapleg og klimavenleg areal- og transportplanlegging i bygder og mindre regionsenter. Vi meiner at også hovudprosjektet vil ha overføringsverdi for andre regionsenter, bygder og små byar.
 

Effektmål

  • Nullvekst av intern personbiltrafikk i Bø sentrum frå 2015-nivå til 2030 
  • Auke andel gåande og kollektivdel minimum i tråd med nasjonale mål
  • Auke sykkelandel i ny kommune minimum i tråd med nasjonale mål (9 % i 2016 i Bø)
  • Styrke kollektivknutepunkta Nordagutu, Gvarv og Bø
  • Fortette med kvalitet bustader og sentrumsfunksjonar i Gvarv og Bø
 

Andre effektar

  • Betre folkehelse og endra haldningar til bilbruk og miljøvenleg transport
  • Reduserte klimagassutslepp frå biltrafikk
  • Auka attraktivitet og funksjonalitet for Bø som regionalt tyngdepunkt og kommunesenter

 

 

Tilbakeblikk på forprosjektet 2016-2017

I Bygdepakke Bø satsar vi på å utvikle ny metodikk for heilskapleg og klimavenleg areal- og transportplanlegging i bygder og mindre regionsenter. Prosjektet vil ha overføringsverdi for andre regionsenter, bygder og små byar. Funn og kunnskap i dette arbeidet vil og kunne vere vesentlege innspel til ny klimastrategi for Telemark.

Effektmål 

  • Reduksjon av intern personbiltrafikk i Bø sentrum frå 2015-nivå og auke andelen gåande, syklande og kollektivdel minimum i tråd med nasjonale mål.
  • Fortette med bustader og kunnskapsbaserte arbeidsplassar, handels- og servicenæring og småskala næringsverksemder i Bø sentrum

Andre effektar av prosjektet

  • Betre folkehelse og endra haldningar til bilbruk og miljøvenleg transport
  • Reduserte klimagassutslepp frå biltrafikk
  • Auka attraktivitet for Bø som regionsenter

Resultatmål for forprosjektet

  • Talfesta effektmål; tal for reduksjon av interntrafikken og måltal for fortetting
  • Definert eit hovudnett for sykkel  som ledd i utarbeidinga av sykkelplan for Sykkelbygda
  • Gjennomført utredning om parkering i Bø sentrum
  • Utarbeidd gatebruksplan for Bø sentrum
  • Etablert samarbeid med  Bane NOR, Telemark fylkeskommune og Statens vegvesen om vidareutvikling av det regionale kollektivknutepunktet Bø stasjon
  • Skilta hovudsykkelnett i sentrum
  • Søkt regionale forskingsfond Oslofjordfondet og gjennomført eit kvalifiseringsprosjekt i samarbeid med TØI og Distriktssenteret. Kvalifiseringsprosjektet er ein  pilot for auka kunnskap om attraktiv og bærekraftig stads- og transportutvikling i distrikta. I forprosjektet vil TØI  gjennom ein casestudie av Bygdepakke Bø, undersøke korleis «bypakker» på bygda er sett saman, kva for tiltak og innretningar det blir satsa på og resultata av desse
  • Definert kriterier for utveljing av casekommunar og partnarar, gjennomført partnarsøk og sendt søknad til Interregprosjekt i program 5 A – Bærekraftig transport. Utførast i samarbeid med Distriktssenteret
  • Utarbeidd kommunikasjons-, kampanje-  og medverknadsstrategi for Bygdepakke Bø
  • Utarbeidd hovudprosjektplan for Bygdepakke Bø
 
Les meir i forprosjektplanen (PDF, 2 MB) og i presentasjonen her (PDF, 2 MB). Oppgåvene i  forprosjektet har vore organisert i fire arbeidspakker:
  1. Areal- og transportplanlegging
  2. Forsking
  3. Sykkelbygda Bø
  4. Førebu hovudprosjekt


Rapportar og notat ferdigstilt i forprosjektet:

Rapportar og notat som leggast ut når dei er godkjende:

  • Temaplan for sykkel. Bø kommune 2017
     

Tilbakeblikk på gjennomført forstudie 2015-2016

Forstudie for Bygdepakke Bø vart gjennomført august 2015 - juni 2016 og legg grunnlaget for forprosjektet. Alle resultata og tiltak som er gjennomført i forstudiet er oppsummert i Sluttrapport frå forstudiet  (PDF, 2 MB)
 

Resultat frå forstudiet

1. Trafikkanalyse (Statens vegvesen). Resultata er presentert i  Nummerskiltanalyse (PDF, 2 MB) (Rambøll), og notat om gjennomgangstrafikk (PDF, 83 kB)potensiale for avlastingsvegar (PDF, 311 kB) i sentrum og trafikkteljingar (PDF, 2 MB).

2. Mobilitetsanalyse, som syner oversikt over gang- og sykkelavastand til/frå jobb/skule, og kor mange som bur i gang-/sykkelavstand til/frå jobb/skule, er utarbeida av Statens vegvesen. Resultata er presentert i eit digitalt kart og ein oppsummerande rapport (PDF, 561 kB)

3. Barnetråkk (PDF, 3 MB) (Bø kommune). Rapporten bygger på digitale tilbakemeldingar frå elevar ved Bø skule, Folkestad skule og Bø ungdomsskule. Fire klasser har registrert viktige gang-/sykkelvegar, områder dei ferdast i og gitt tilbakemeldingar om stader som opplevast som positive og stader dei har negative erfaringar frå. 

4. Sykkelbyrapport 2015 (PDF, 2 MB) (SINTEF, på oppdrag frå Statens vegvesen). Dette er ein undersøking som vert gjennomført med jamne mellomrom, og i 2015 var Bø som sykkelbygd med for fyrste gong. 

5. Fortettingsanalyse for Bø i Telemark (PDF, 3 MB) (Rambøll). Analysa tar utgangspunkt i den framtidige veksten i Bø, og presenterer forslag til korleis alle bustader og arbeidsplassar for befolkningsveksten fram mot 2030 kan etablerast i sentrum. Som vedlegg følgjer eit trafikknotat (PDF, 2 MB)

6. Telemark fylkeskommune har utarbeida eit notat som evaluerer kollektivtransporten i Bø. I notatet vert det foreslått tiltak som kan vurderast nærmare for å effektivisere og målrette dagens kollektivtilbod betre.

 

Sist endra 13.09.2018

Kontaktpersonar

Hilde Kristine Pedersen

Kultursjef