Felles samfunnsdel av kommuneplanen for Midt-Telemark

Planprogram samfunnsdelen.JPG - Klikk for stort bilete

Sauherad og Bø kommunar utarbeidar no ein felles samfunnsdel av kommuneplanen. Samfunnsdelen skal vere det overordna styringsdokumentet for Midt-Telemark kommune og skal danne eit heilskapleg og solid fundament for ein langsiktig og berekraftig samfunnsutvikling. Planprosessen og planen vert viktige verkty i arbeidet med å etablere ein ny kommune.

Publisert av Kristin Karlbom Dahle. Sist endra 04.06.2018

Fellesnemnda for ny kommune vedtok 16.3.18 (sak 16/18) planprogram (PDF, 2 MB) for arbeidet. I planprogrammet er formål, organisering, plantema, utgreiingsbehov og opplegg for medverknad skissert. 

Det ligg føre eit solid kunnskapsgrunnlag  for planarbeidet og det er mottatt mange innspel, m.a. gjennom opne møte i april.

Samfunnsdelen for Midt-Telemark kommune vil kome på høyring hausten 2018 og skal vedtakast av kommunestyra i februar 2019.