Kart og eigedomsinformasjon

Kart for Bø kommune er tilgjengeleg på nettbrett og mobil gjennom appen Kommunekart. Kommunekart inneheld grunnkart, ortofoto, eigedomar, bygg, kommuneplan, reguleringsplanar og planregister med plandokument. Appen kan lastast ned gratis på Google Play og App Store

Webkart for Bø - Klikk for stort bilete

Sal av kartdata 

Bø kommune tilbyr sal av FKB-data, alle tema, kommuneplan/ kommunedelplan, reguleringsplanar, v/a-data og detaljerte høgdedata innanfor delar av kommunen. Sal av kartdata er regulert gjennom Geovekst, eit kartsamarbeid mellom kommunar og andre offentlege etatar. Minstepris er kr 1000 eks mva.

Andre landsdekkande kartportalar

Seeiendom
Her finn ein informasjon om eigen eigedom.  Ein kan og bestille utskrift frå grunnboka over eigedomar ved å logge seg inn med MinID, BankID osb.

NVDB
Vegkart - offentleg informasjon om Norges vegar frå Nasjonal vegdatabank

Gårdskart på internett

Norgeskartet

Vegnamn

Kommunen eller anna offentleg organ, lokale organisasjonar(historielag), grunneigarar eller andre som i samsvar med Lov om stadnamn kan ta opp stadnamnsaker. Saka blir fremma for kommunen (og Statens kartverk).

Lov om stadnamn av 19.06.2015 og Forskrift om stadnamn

Adressering av eigedom- offisiell adresse

Alle bueiningar, næringsbygg og fritidsbustader skal ha offisiell adresse. Kommunen fastsett offisiell adresse.

Lov om eigedomsregistrering §21  med forskrift.  Reglar for oppsetjing av skilt og husnummer. Eigar kan klage på tildeling av husnummer og kva for veg/gate eigedomen er adressera til og adresseendring, jamfør Forvaltningslova §27 3.ledd og Matrikkellova §46 f

Sist endra 12.03.2018

Kontaktpersonar

Kari Verpe Hynne

GIS-koordinator/avd.ing

Åpningstider

Opningstider
Man-fre kl 08.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 20
3800 Bø

Postadresse
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Kartpunkt