Samtykke frå andre myndigheitar

Samordning.jpg - Klikk for stort bilete I nokre tilfelle kan ein søknad om eit nytt tiltak utløyse krav om samtykke fra andre myndigheitar.

Den kommunale bygningsmyndigheitens samordningsplikt framgår av Plan- og bygningslova §21-5 og byggesaksforskrifta SAK10 § 6-2.

Dersom eit tiltak er avhengig av tillatelse eller samtykke frå annan myndigheit, eller når planer skal leggjas fram for slik myndigheit, kan kommunen vente med å avgjere saka inntill slik avgjersle/samtykke foreligg. Med andre ord så stansar tidsfrist for saksbehandling å løpe all den tid saka er oversendt annan myndighet for uttale eller samtykke.

Søkjar/tiltakshavar kan velge å innhente slik uttale/samtykkje sjølv i forkant av byggesøknad. Der eit tiltak i utgangspunktet ville vore unntatt for søknadsplikt, er tiltakshavar sjølv ansvarleg for å framskaffe slikt samtykke/vedtak for at unntaket skal vere gjeldande.

Kommunens samordningsplikt omfattar følgjande myndigheitar:

  • Helsemyndighet
  • Brannvernmyndighet
  • Arbeidsmiljømyndighet (Arbeidstilsynet)
  • Vegmyndighet (Statens vegvesen)
  • Havnemyndighet
  • Forurensningsmyndighet
  • Sivilforsvaret
  • Jordlovmyndighet
  • Friluftsmyndighet
  • Kulturminnemyndighet (Telemark fylkeskommune, kulturminnevern)
  • Reindriftsmyndighet
  • Kirkelig myndighet
  • Luftfartsmyndighet
  • Bergverksmyndighet
  • Jernbanemyndighet (Bane NOR)

Saksbehandlingstid vil normalt vere lengre for saker som er avhengig av samtykke/vedtak frå anna myndighet. Det kan påløpe eige gebyr for samtykke/vedtak frå aktuell myndigheit.

Om du har spørsmål som gjeld andre myndigheitar, ta gjerne kontakt med oss.

Sist endra 12.04.2018

Kontaktpersonar

Aslak Gilde

Avdelingsleiar/byggesakshandsamar

Åpningstider

Opningstider
Man-fre kl 08.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 20
3800 Bø

Postadresse
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Kartpunkt