Skilt/reklame

Reklameskilt.jpg - Klikk for stort bilete Kommuneplanens arealdel (pkt 10) (PDF, 625 kB) har eigne føresegner om skilt og reklame. Desse gjeld framfor evt. unntak i plan- og bygningslova.

I tillegg til føresegnene til arealdelen, er det i utval for plan, teknikk og næring (PTN) vedtatt ei bindande rettleiing (PDF, 559 kB) til føresegnene.

Dette betyr at alle former for skilt og reklame som ikkje spesifikt er unntatt i føresegnene, må søkjast om.

Oppføring av skilt- og reklameinnretning inntil 6.5 kvm montera flatt på vegg eller med høgde inntil 3,5 m og breidde 1,5 m frittståande på terreng kan eigar/tiltakshavar søkje om sjølv. Sjå eigen artikkel om "Søknadspliktige tiltak som kan forestås av tiltakshavar" for meir informasjon og aktuelle skjema.

For større skilt enn ovannemnte er det krav om søknad med ansvarlege foretak.

Pris/gebyr følgjer av gjeldande regulativ. (PDF, 3 MB)

 

Om du har spørsmål som gjeld skilt/reklame, ta gjerne kontakt med oss.

Sist endra 02.01.2019

Åpningstider

Opningstider
Man-fre kl 08.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 20
3800 Bø

Postadresse
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Kartpunkt