Søknad om endring av gitt tillatelse

endre tillatelse.jpg - Klikk for stort bilete Endringar av tidlegare gitt tilltatelse vil i mange tilfelle vere søknadspliktig.

Skal det gjerast endringar iht. innsendte byggesøknad og gitte løyve, må dette i mange tilfelle søkjast om. Unntak kan gjevast ved mindre endringar, ta kontakt med oss ved spørsmål.

Søknadsskjema om endring av gitt tillatelse (blankett 5168) samt alle andre nødvendige vedlegg (sjå liste i søknadsskjemaet) kan du finne på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet.

Endringa må beskrivast, og det må leggjast ved oppdateringar av aktuelle vedlegg (eks. teikningar, kart, ny nabovarsling, nye/endra erklæringar om ansvarsrettar, oppdatera gjennomføringsplan, etc.).

Er det under bygging utført ikkje-søknadspliktige endringar, må desse ved søknad om ferdigattest meldast frå om og det må leggjast ved oppdatera situasjonskart, teikningar og dokumentasjon som viser kva som er gjort.

 

Om du har spørsmål som gjeld endringar, ta gjerne kontakt med oss.

Sist endra 12.04.2018

Kontaktpersonar

Aslak Gilde

Avdelingsleiar/byggesakshandsamar

Åpningstider

Opningstider
Man-fre kl 08.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 20
3800 Bø

Postadresse
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Kartpunkt