Søknad om ferdigattest/bruksløyve

godkjent 2.png - Klikk for stort bilete Før eit nytt tiltak kan takast i bruk må det søkjast om og utstedas ferdigattest eller bruksløyve. Dersom det ikkje søkjast om ferdigattest/bruksløyve før ein tek i bruk tiltaket, er bruken i utgangspunktet ulovleg og kan straffas.

Plikt til å søkje om ferdigattest/bruksløyve før eit nytt tiltak kan takast i bruk følgjer av Plan- og bygningslova § 21-10 og byggesaksforskrifta SAK10 kap. 8.

Søknadsskjema om ferdigattest (blankett 5167) og søknad om midlertidig bruksløyve (blankett 5169) samt alle andre nødvendige vedlegg (sjå liste i søknadsskjemaet) kan du finne på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet.

Ved søknad om ferdigattest må det bekreftas at tiltaket tilfredsstiller krav til ferdigattest, det må opplysas om det er utført endringar ift. gitte tillatelse, evt. sluttrapport for avfallshåndtering med dokumentasjon, og bekrefting på at tilstrekkeleg dokumentasjon for driftsfasa (forvaltning, drift og vedlikehald) er overlevera eigar av byggverket, må følgje søknaden saman med evt. andre naudsame vedlegg. Evt. gjevne vilkår i byggjeløyve må dokumenteras oppfylt. Søknaden må signeras og kan kun sendast inn av den som byggjeløyvet vart utstedt til.

Ved søknad om midlertidig bruksløyve skal det oppgjevas ein dato for når det er planlagt å søkje om ferdigattest, det skal beskrivas kva det søkjast om bruksløyve for, og det skal detaljert presiseras kva for arbeid som står att fram mot søknad om ferdigattest. Dette kan kun vere arbeid av mindre vesentleg betyding, og det må i alle tilfelle kunne bekreftas at tiltaket har tilstrekkeleg tryggleiksnivå til å kunne takast i bruk. Evt. naudsame vedlegg må følgje søknaden. Søknaden må signeras og kan kun sendast inn av den som byggjeløyvet vart utstedt til.

Merk at søknad om bruksløyve skal vere unntaksvis, hovedregelen er at alle tiltak skal gjerast ferdige og at det skal søkjast om ferdigattest. Søknaden må difor vere begrunna, og kommunen må i kvart enkelt tilfelle avgjere om det skal gjevast bruksløyve eller ikkje. Dette er altså ingen rettigheit.

Det krevjast ikkje eige gebyr for behandling av søknad om ferdigattest/bruksløyve. 

Om du har spørsmål om ferdigattest/bruksløyve, ta gjerne kontakt med oss.

Sist endra 12.04.2018

Kontaktpersonar

Aslak Gilde

Avdelingsleiar/byggesakshandsamar

Åpningstider

Opningstider
Man-fre kl 08.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 20
3800 Bø

Postadresse
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Kartpunkt