Søknadspliktige tiltak med krav om ansvarlege foretak

bygga-hus[1].jpg - Klikk for stort bilete Tiltak som ikkje er særskilt unntatt frå byggesaksbehandling eller som ein kan søkje om sjølv, er ansvarsbelagt, dvs. at ein må ha eit ansvarleg foretak til å søkje om, planlegge og utføre arbeidet.

Eksempel på slike tiltak kan være:

  • Bygge nye bygningar, konstruksjonar eller anlegg, eller større tilbygg, påbygg eller underbygg til desse
  • Vesentlege endringar eller vesentlege reparasjonar av eksisterande bygningar, konstruksjonar eller anlegg
  • Fasadeendringar
  • Bruksendringar eller vesentleg utvidelse av/vesentleg endring av tidlegare drift av bygningar, konstruksjonar eller anlegg
  • Riving av bygningar, konstruksjonar eller anlegg
  • Oppføring, endring eller reparasjon av bygningstekniske installasjonar
  • Oppdeiling eller samanføying av brukseiningar i bustadar, samt ana ombygging
  • Oppføring av innhegning mot veg
  • Plassering av skilt- og reklmaeinnretningar
  • Plassering av midlertidige bygningar, konstruksjonar eller anlegg
  • Større terrenginngrep, og anlegg av vegar og parkerings-/landingsplassar

Jamfør Plan -og bygningslova (PBL) § 20-1 og byggesaksforskrifta (SAK10) kap.2 for utfyllande informasjon.

Søknadsskjema for ansvarsbelagte tiltak (blankett 5174) samt alle andre nødvendige vedlegg (sjå liste i søknadsskjemaet) kan du finne på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet. Her finn du òg ein oversikt over byggereglane.

Søknaden er rekna som fullstendig når følgjande vedlegg er med:

  • Opplysningar om ytre rammer og bygningsspesifikasjon (blankett 5175)
  • Bustadspesifikasjon i matrikkelen dersom tiltaket omfattar bustader (blankett 5176)
  • Skjema for nabovarsel (blankett 5155 og 5156). Blankett 5154 skal sendast til rørde naboar
  • Situasjonskart i målestokk 1:500 evt. 1:1000 der tiltaket er innteikna. Kart kan skrivas ut her
  • Fagmessig utførte plan-, snitt- og fasadeteikningar i målestokk 1:100 evt. 1:50 (gamal og nye)
  • Dersom tiltaket er avhengig av dispensasjon/uttale/vedtak frå anna myndigheit (som Statens vegvesen, landbruk, Arbeidstilsynet), bør denne vere avklart på førehand
  • Ved bygging over 300 m2, endring/reparasjon over 100 m2, eller riving over 100 m2 skal det utarbeidast avfallsplan/evt. miljøsaneringsbeskrivelse
  • Erklæring om ansvarsrett (SØK, PRO, UTF, KTR), evt. søknad om ansvarsrett for sjølvbyggjar. Føretak med sentral godkjenning sender inn kopi av godkjenninga
  • Signera gjennomføringsplan med oversikt over ansvarsområde inndelt i godkjenningsområde og etter tiltaksklasser, kontrollområder, ansvarlege føretak og gjennomføring av oppgåvene

Merk: Før tiltaket kan bli tatt i bruk, må søknad om ferdigattest eller bruksløyve sendast inn, og behandlas. Signera og oppdatera gjennomføringsplan samt evt. andre vedlegg må følgje med.

For prisar/gebyr, sjå gjeldande gebyrregulativ. (PDF, 3 MB)

Om du har spørsmål til om ditt planlagte byggeprosjekt er søknadspliktig og etter kva slags heimel, ta gjerne kontakt med oss.

Sist endra 02.01.2019

Kontaktpersonar

Aslak Gilde

Avdelingsleiar/byggesakshandsamar

Jon André Hesthag

Byggesakshandsamar

Åpningstider

Opningstider
Man-fre kl 08.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 20
3800 Bø

Postadresse
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Kartpunkt