Tiltak som er unntatt frå søknadsplikt

Terrasse.jpg - Klikk for stort bilete For nokre typar tiltak kan det vere unntak frå søknadsplikta i forkant av bygging. Det er imidlertid viktig å merke seg at det stillast fleire vilkår som alle må vere oppfylt for at unntaket skal gjelde. For dei fleste tiltaka er det òg krav om at det skal sendast inn ei melding til kommunen når tiltaket er ferdig.

Eksempel på slike tiltak kan vere:

  • Mindre frittliggande bygning som oppføras på eigedom aom allereie er bebygd med bustadhus og som ikkje skal brukas til bebuelse. Vilkår:
  1. BRA/BYA ikkje over 50 m2
  2. Mønehøgde ikkje over 4,0 m
  3. Gesimshøgde ikkje over 3,0 m
  4. Kun 1 etasje og ikkje med kjellar
  5. Kan plasseras inntil 1 m frå nabogrense og ana bygning på same eigedom (men minst 2 m til bygning på annen eigedom)
  6. Bygningen må ikkje plasseras over leidningar i grunnen
  7. Tiltaket må vere i tråd med krav i gjeldande reguleringsplan for eigedommen, sjå digitalt planregister og ikkje i strid med andre lovverk (som veglova/byggjegrense mot veg kontakt Statens vegvesen, eller jernbanelova/byggjegrense mot jernbanespor kontakt Bane NOR)
  • Tilbygg som ikkje inneholder rom til varig opphald eller bebuelse (dvs. ingen form for innbygde rom, verken kjøkken, stue, soverom, våtrom, arbeidsrom, entrè, gang, e.a). Tilbygget kan vere f.eks. terrasse, åpent overbygd inngangsparti, enkelt takoverbygg med understøtting, søppelskur, ved- eller sykkelbod. Vilkår.
  1. Inntil 15 m2 BRA/BYA
  2. Maksimalt knytte seg til 2 etasjar på eksisterande bygg
  3. Må vere understøtta med eiget bæresystem
  4. Må plasseras etter plan- og bygningslovens reglar om avstand (dvs. normalt minst 4 m til nabogrense)
  5. Tiltaket må vere i tråd med krav i gjeldande reguleringsplan for eigedommen, sjå digitalt planregister og ikkje i strid med andre lovverk (som veglova/byggjegrense mot veg kontakt Statens vegvesen, eller jernbanelova/byggjegrense mot jernbanespor kontakt Bane NOR
  • Mindre frittliggande byggverk inntil 15 m2 knytta til jordbruks-, skogbruks- og reindriftsområde
  • Mindre tiltak i eksisterande byggverk, som:
  1. Ikkje-bærande vegg innafor ei branncelle eller lydområde
  2. Reparasjon av bygningstekniske installasjonar
  3. Installering, endring og reparasjon av våtrom i eksisterande bygg innafor ei brukseining/branncelle
  4. Installering og endring av enkle installasjonar i eksisterande bygg innafor ei brukseining/branncelle
  5. Installering, endring og reparasjon av ildsted i eksisterande bygg innafor ei brukseining/branncelle
  • Mindre tiltak utandørs
  1. Levegg med høgde inntil 1,8 m og lengde inntil 10,0 m. Avstand til nabogrense minst 1,0 m
  2. Levegg med høgde inntil 1,8 m og lengde inntil 5,0 m. Kan plasseras inntil nabogrense
  3. Innhegning mot veg med inntil 1,5 m høgde. Må ikkje vere tett eller hindre frisikt
  4. Skilt- og reklameinnretning inntil 3,0 m som monteras flatt på vegg. Kun 1 stk. (NB: dette vil ikkje gjelde der kommunen har vedtatt eigne retningsliner for skilt og reklame. I Bø kommune har vi slike retningsliner, sjå eigen artikkel)
  5. Antennesystem med høgde inntil 5,0 m. Parabol kan ha diameter inntil 1,2 m, panelantenne som plasseras på vegg kan ha høgde inntil 2,0 m. Kun 1 stk, gjeld ikkje ved fare for personsikkerhet
  6. Mindre forstøtningsmur på inntil 1,0 m høgde og avstand frå nabogrense på minst 1,0 m, eller forstøtningsmur på inntil 1,5 m høgde og avstand frå nabogrense på minst 4,0 m
  7. Mindre fylling eller planering av terreng. Må ikkje endre terrengnivå med meir enn 3,0 m i spredtbygd strøk, 1,5 m i tettbygd strøk, eller 0,5 m for rekkje- og kjedehus. Avstand frå fyllingsfot til nabogrense må vere minst 1,0 m
  8. Mindre graving av kablar 
  9. Lokal drenering, og reparasjonar ved rør- og ledningsbudd
  10. Intern veg på tomta og biloppstillingsplassar for tomtas eigen bruk som ikkje krev vesentleg terrenginngrep. Avstand til nabogrense må vere minst 1,0 m
  • Fasadeendring som ikkje fører til at bygningens karakter endras, samt tilbakeføring av fasade til tidlegare dokumentera utføring. Merk at nokre bygningar kan vere verna eller verneverdige. I slike tilfelle er det alltid søknadsplikt og Telemark fylkeskommunen ved kulturminnevern må kontaktas

Jamfør Plan -og bygningslova (PBL) § 20-5 og byggesaksforskrifta (SAK10) § 4-1 for utfyllande informasjon.

Det er viktig å merke seg at sjølv om det er unntak for søknadsplikt gjeld alle krav i Plan- og bygningslova med tilhøyrande føresegner fullt ut, og det er tiltakshavar sjølv som vil vere ansvarleg for at tiltaket tilfredsstiller gjeldande krav. Tiltakshaver vil også vere ansvarleg for å kontrollere at tiltaket er i tråd med gjeldande kommuneplan/reguleringsplan for eigedommen, og for at tiltaket ikkje er i strid med ana regelverk (som veglova eller jernbanelova). 

 

Når tiltaket er ferdig, er det for bygningar og tilbygg eit krav om at det sendast inn ei melding til kommunen. Dette er for at kommunen skal kunne halde eit oppdatera kartverk over alle bygningar. Meldeskjema (blankett 5188) finnas på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet.

Her finn du òg ein oversikt over byggereglane, og mykje nyttig informasjon når du skal byggje sjølv. Her er vegvisarar som hjelper deg å finne ut om ditt planlagte prosjekt er unntatt eller ikkje, og kor stort du evt. kan byggje på din eigedom. Sjølv om det for unntaka ikkje er krav om nabovarsling, vil vi anbefale at det alltid tas ein prat med naboar for å hindre konflikter, misforståelsar eller overtramp av privatrettar.

Meldeskjemaet som skal sendast inn skal innehalde:

  • Informasjon om bygningens areal (BRA og BYA)
  • Dato for når tiltaket var ferdig
  • Kart som viser kvar bygget er plassera og kor mange meter det er til nabogrense/andre bygningar
  • Det bør i tillegg leggjast ved teikningar (plan, snitt og fasade)

 

Det er ingen gebyr for behandling av melding/tiltak som er unntatt søknadsplikt.

 

Om du har spørsmål til om ditt planlagte byggeprosjekt er søknadspliktig og etter kva slags heimel, ta gjerne kontakt med oss.

Sist endra 14.06.2017

Kontaktpersonar

Aslak Gilde

Avdelingsleiar/byggesakshandsamar

Åpningstider

Opningstider
Man-fre kl 08.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 20
3800 Bø

Postadresse
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Kartpunkt