Utslepp

Utslepp.jpg - Klikk for stort bilete Utslepp av sanitært eller oljehaldig avløpsvatn er søknadspliktig etter forureiningslova og forureiningsforskrifta kap.12 og 15 og krev løyve. Bygningstekniske installasjonar kan òg vere søknadspliktig etter plan- og bygningslova.

Formålet er å sikre at utslepp ikkje medfører auka forureining på omkringliggande område, samt å redusere eksisterande forureining slik at denne ikkje fører til helseskader, går ut over trivselen eller skader naturens evne til produksjon og sjølvfornying.

For sanitært avløpsvatn er det ved etablering av nye utslepp eller vesentleg auking av eksisterande utslepp krav til søknad og innhenting av utsleppsløyve. Søknad om deling av eigedom, oppføring av bygning med innlagt vatn eller innlegging av vatn i eksisterande bygning utløyser krav om utsleppsløyve. Med innlagt vatn meiner ein vatn frå vassverk, brønn, cisterneanlegg eller liknande som gjennom rør eller ledning er ført innandørs.

Søknadsplikta gjeld utan omsyn til avløpsløysing. Det skal søkast om løyve også når avløpet går til tett tank. Dersom avløpet skal gå til offentleg avløpsnett, må det søkast om ”Tilknytting til kommunalt ledningsnett – bustad”. Installering av vassklosett, dusj, bad, våtrom og liknande vil normalt innebere ei vesentleg auke av eksisterande utslepp og dermed søknadsplikt. Bruksendring frå fritidsbustad til bustad vil også kunne utløyse søknadsplikt.

For oljehaldig avløpsvatn er det ved etablering av nye utslepp eller ved auke av eksisterande utslepp på over 25% krav til søknad og innhenting av utsleppsløyve. Ingen kan setje i verk nye utslepp eller auke utslepp vesentleg utan at løyve er gjeve i medhald av Forureiningsforskrifta kap 15. Utslepp etablert før 1.1.07, som ikkje aukast vesentleg, er tillete i den grad dette fylgjer av § 15-10.

Det er krav om prøvetaking av utsleppsvatn frå alle eksisterande oljeutskiljerar. Utsleppskravet er 50 mg/l (olje i vatn). Det blir krav om at alle oljeutskiljerar skal ha prøvekum etter oljeutskiljar for uttak av vannprøve. Veiledar for oljeutskilleranlegg kan fås ved å ta kontakt med kommunen eller Norsk Vann.

Søknad

Søknad må vere fullstendig utfylt. Blankett 5174 kan nyttast, saman med naudsynte vedlegg. Søknaden blir rekna som fullstendig utfylt når følgjande vedlegg er med:

For søknad om utslepp av sanitært avløpsvatn:

  1. Situasjonsplan i målestokk 1:1000 og 1:5000 med avløpsanlegget med rør og utsleppsstaden innteikna, samt dei partane som etableringa kan ha noko å seie for, herunder interesser knytta til drikkevassforsyning (vassinntak og brønnar), rekreasjon (badeplass eller næringsverksemd)
  2. Skildring av utsleppsstaden (innsjø, elv, bekk, i grunnen etc.)
  3. Storleiken på utsleppet og type (antall personar, gråvatn, svartvatn)
  4. Dokumentasjon på korleis utslepp skal etableras og drivas (underskriven serviceavtale)
  5. Om utsleppet skal bli etablert og drive i samsvar med krava i forureinsingsføresegna § 12-7 til § 12-13, eller om det blir søkt om å fråvike desse krava
  6. Kvittering for nabovarsel

For søknad om utslepp av oljehaldig avløpsvatn:

  1. Namn og adresse på ansvarleg søkjar
  2. Om utsleppet skal etablerast og drivast i samsvar med krava i Forureiningsforskrifta § 15-7 eller om det søkast om å fråvike desse krava
  3. Dokumentasjon på korleis utsleppet skal etablerast og drivast
  4. Plassering av avløpsanlegg og utsleppsstad på kart i målestokk 1:1000 eller større
  5. Beskrivelse av utsleppsstaden og mengde avløpsvatn
  6. Interesser som ein antar vedkjem etableringa, herunder interesser knytt til drikkevassforsyning, rekreasjon eller næringsverksemd
  7. Oversikt over kven som skal varslast
  8. Samtykke frå kommunen som planstyresmakt dersom utsleppet er i strid med endelege planar etter plan- og bygningslova
  9. Kvittering for nabovarsel

Saksbehandlingstid

Søknaden kan ikkje behandlas før uttalefrist frå aktuelle naboar er gått ut (minst 4 veker). Søknaden skal bli behandla innan 6 veker rekna frå den dato søknaden var fullstendig. Dersom kommunen ikkje har avgjort slik søknad innan fristen har gått ut, reknar ein løyvet for gitt såframt det ikkje er grunn til å tru at nokon part vil vere misnøgd med dette.

Pris/gebyr følgjer av gjeldande regulativ. (PDF, 3 MB)

Om du har spørsmål som gjeld utslepp, ta gjerne kontakt med oss.

Sist endra 02.01.2019

Kontaktpersonar

Aslak Gilde

Avdelingsleiar/byggesakshandsamar

Åpningstider

Opningstider
Man-fre kl 08.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 20
3800 Bø

Postadresse
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Kartpunkt