Deling og samanslåing av eigedomar

Grensemerke.jpg - Klikk for stort bilete Grunneigar (heimelshavar) kan søke om å dele frå ein del av eigedomen for å opprette ny grunneigedom/matrikkeleining, anleggseigedom, festegrunn over 10 år eller arealoverføring.

Før deling kan bli sett i verk, må kommunen ha gjeve løyve etter Plan-og bygningslova og Jordlova. Søknad om deling må ikkje vera i strid med overordna arealplaner, reguleringsplanar eller andre lover (veglova m.m).

Får heimelshaver løyve til å dele frå eller feste bort ein eigedom, blir dei nye grensene merka og målt i ei oppmålingsforretning. Etter tinglysing blir nytt matrikkelbrev sendt til søkjar.

Gebyr skal bli betalt etter gjeldande regulativ.

Vilkår for å få tenesta

Søknaden vert rekna som fullstendig når fylgjande vedlegg ligg ved:

Andre tilhøve som må vere avklart ved innsending av søknad:                                                                       

  • Tilkomst: Dersom tilkomst går over annan manns eigedom, må det leggjast fram dokumentasjon (vegrett) som viser at den nye eigedomen (byggetomta) er sikra lovleg tilkomst fram til veg som er open for alminnelig ferdsel. Skjema ”Erklæring om rett i fast eigedom”.  
  • Avkøyringsløyve: Dersom det ikkje ligg føre avkjøringsløyve, må det samtidig bli fremma søknad om avkjørsel frå kommunal / fylkeskommunal / riksveg. Eventuell søknad om utvida bruk av eksisterande avkøyring. Skjema Statens vegvesen
  • Dersom det ikkje ligg føre utsleppsløyve til byggjetomta, må det søkjast om dette samstundes.
  • Festetomt: Kopi av festekontrakt.
  • Opplysning av eventuelle rettar/hefte som ligg på det omsøkte arealet.
  • Erklæring om arealoverføring 

Dispensasjon

Søknaden vert ein dispensasjon dersom delinga strir mot Plan- og bygningslova eller vedtekter gjeve i medhald av denne lov, og godkjente planar som kommuneplan, detaljreguleringsplan og områdereguleringsplanar.

Behandlingstid

Søknad om deling skal bli behandla innan 12 veker rekna frå den datoen søknaden er fullstendig. Konsekvens ved oversitting er at gebyr for saksbehandliong vert redusera med 25% for kvar begynte veke utover 12 vekers fristen. Bø kommune har eige forskrift om arbeid vinterstid frå 1. november til 30. april. I dette tidsrommet løper ikkje tidsfristen.

Lovheimel

Klagerett. Forvaltningsloven Kapittel VI   Plan- og bygningsloven §1-9

Samanslåing av eigedomar

Om fleire eigedomar har same eigar, kan ein søkje om å få slått dei saman til eit gnr/bnr. Den samanføyde eigedomen bør normalt vere eit samanhengande areal. Ein føresetnad for å kunne gjennomføre ei samanslåing er at parsellane har dei same hefta eller er fri for hefte. Det er ikkje gebyr for samanslåing, og sakshandsamingstid er omlag tre veker. Sjå meir om samanslåing av eigedomar hos Statens kartverk

 

Arealoverføring

Sjå meir om arealoverføring hos Statens kartverk. 

 

Søknad vert sendt per post, oppmøte eller e-post.

Sist endra 31.10.2018

Kontaktpersonar

Anna Svalbjørg

Avdelingsingerniør oppmåling

Ingrid Bergane

Avdelingsingeniør oppmåling

Åpningstider

Opningstider
Man-fre kl 08.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 20
3800 Bø

Postadresse
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Kartpunkt